Hopp til innhold

Fjellet har kravd fleire liv – men tusenvis av turistar trassar framleis åtvaringane

Reinebringen i Moskenes har teke fleire liv dei siste åra. Lokale forsøkjer desperat å åtvare folk frå å gå turen, men talet på besøkande har eksplodert i år. – Berre flaks at det går bra, seier ordføraren.

Reinebringen

Karin Karlsson frå Sverige har vore på fjelltur på Reinebringen i sommar. – Bratt, men fantastisk, seier ho.

Foto: Karin Karlsson

– Vi såg skilt om at ein ikkje burde gå der. Vi gjekk med litt tung sekk, men eg tykte ikkje det var noko stress, eigentleg, seier Simen Aasum. Han og Einar Wiger var på telttur på Reinebringen førre helg.

– Dei siste hundre meterane var det litt grus og slikt, men det er det på nesten alle fjella her, føler eg. Der var det litt tvilsamt, men det var berre å bruke god tid, seier Aasum.

Han fortel at sosiale media var ein del av det som trakk kompisane mot fjellet. Emneknaggen #Reinebringen har over 8700 innlegg på Instagram.

– Vi såg på mykje bilete då. Det var eitt av dei som utpeika seg som den finaste utsikta, so Reinebringen sto høgt på blokka, seier Aasum.

Åtvaringar og sperreband

I fjor forsøkte Moskenes kommune å stengje den populære stien med plakatar, åtvaringar og sperreband. Skilta åtvarar om stien på tre forskjellige språk, men det ser ikkje ut til å hjelpe.

I heile sesongen, 14 veker, i 2017 gjekk over 6000 menneskje turen på Reinebringen. Hittil i år, åtte veker inn i sesongen, har 9365 personar trossa åtvaringar og fareskilt.

Videoen under syner eit utsett parti på vegen opp mot toppen.

– Flaks at det går bra

Ordførar Lillian Rasmussen i Moskenes kommune, som representerer Moskenes bygdeliste, fortel at de ikkje har anledning til å fysisk stenge området, om de så ville.

– Vi anbefaler at folk ikkje går der. Når folk likevel gjer det, skjer ferdselen på eige ansvar.

NRK skreiv i fjor om korleis fire unge menneskje har mista livet i fjellet de siste årene, sist ein 21 år gamal amerikansk turist.

– Det kan ha vore nokre små uhell, men ikkje nokre store uhell nå i sommar. Det ryr stein der, så det er berre flaks at det går bra.

Fotomontasje Reinebringen og advarsel-skilt

Reinebringen er berre 448 meter høg, men ragar rett over fjorden. Fire menneskje har mista livet på fjellet dei siste åtte åra.

Foto: SVERRE HJØRNEVIK / TOMMY JOHANSEN

Instagram trekk turgåarar

Koordinator for reiseliv for kultur og folkehelse i kommunen, Ninette Johansen, meiner sosiale medium har skulda for at Reinebringen aukar i popularitet.

– Eg trur dei alle fleste er utlendingar som vil oppleve utsikta for kvar ein pris. Det ligg nok litt i det at dei har sett utsikta på sosiale media og vil gå der, trass i at det står åtvaringar.

Dei siste åra har Johansen arbeidd med å gjere det populære fjellet tryggare. I fjor starta arbeidet på ein steintrapp mot toppen som skal erstatte den slitne stien.

– Sjølv om dei som går meiner dei er fjellvande og kan nå toppen trygt, kan dei jo utløyse ras mot dei som går bak dei. Men eg trur folk er forsiktige då dei vel å gå ein slik trase, seier Johansen.

Arbeidet med stien skal takast opp att etter sommaren. Kommunen har fått levert 500 tonn stein som skal opp på fjellet.

Advarsel ved Reinebringen

Slike åtvaringar er det fleire av på stien mot Reinebringen. Trass i desse held talet på turgåarar fram med å stige kvart år.

Foto: Tommy Johansen