NRK Meny
Normal

«Noregs farlegaste turistmål» tek liv – likevel strøymer turistane til

Reinebringen i Moskenes har teke fleire liv dei siste åra. Kommunen stengde turistattraksjonen førre helg fordi den er utrygg, men finevêret i pinsehelga trakk likevel folk til å gå den krevjande turen.

Reinebringen teke frå lufta

BRATT: Reinebringen er berre 448 meter høg, men ragar rett over fjorden. Fire menneske har mista livet på fjellet dei siste sju åra.

Foto: Tommy Johansen

– Det er rett og slett fortvilande at turgåarar ikkje tek omsyn, seier Elisabeth Dreyer som er reiselivssjef i Destination Lofoten.

Dei siste sju åra har fire unge menneske mista livet på fjellet, sist ein 21 år gamal amerikansk fjellturist.

Førre helg varsla Moskenes kommune at dei ville stenge det populære reisemålet Reinebringen. Dei har hengt opp skilt som åtvarar om stien på tre forskjellige språk, men det ser ikkje ut til å hjelpe.

Turistar på Reinebringen

DRISTIGE: Stien opp til Reinebringen burde vere tom, men denne helga strøyma det på med turgåarar.

Foto: Tommy Johansen

«Den farlegaste turistattraksjonen i Lofoten»

Reinebringen over fiskeværet Reine har ei fantastisk utsikt, og storslåtte bilete på sosiale media skapar verkeleg blest. Men den glatte, bratte stien er ikkje nokon spøk.

Elisabeth Dreyer i Destinasjon Lofoten

FORTVILA: Elisabeth Dreyer seier ho ynskjer alle skal nyte den flotte naturen, men er frustrert då turistar og ikkje fjellvande går trass i åtvaringar.

Foto: Tommy Andreassen

– Vi kan jo ikkje setje opp sperringar heller, sjølv om det kanskje hadde vore det beste, seier Dreyer.

Ifølgje Friluftslova §2 kan alle ferdast til fots i utmark heile året, so lenge det skjer «omsynsfullt og med tilbørleg varsomhet». Ingen skal hindrast i å ferdast i naturen. Det einaste kommunen har lov å forby er ferdsle med hest, kjelke eller sykkel – og dette forbodet må godkjennast av fylkesmannen.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å rå ifrå folk å gå og be dei respektere fjellet, seier Dreyer frustrert.

Reinebringen i Moskenes

BRATT OG USTABIL: Stien opp på Reinebringen er ingen spøk. Om det regnar eller er vått i lufta vert stien fort sleip og glatt.

Foto: Bryden McGrath

Finvêret vinn over fornufta

– Slik sola har stått på forundrar det meg ikkje at folk tek turen opp, seier Dreyer.

Vêret i Nord-Noreg, og spesielt Lofoten, har vore fantastisk pinsehelga. då trekk endå fleire ut og opp i høgda, uansett kor mange åtvaringsskilt dei møter.

– Eg ynskjer at so mange som mogleg får oppleve Reinebringen, det gjer eg verkeleg. Men stien vert mindre og mindre sikker for kvar person som går der, seier Dreyer.

I 2016 byrja arbeidet med å byggje ei steintrapp opp fjellet. Når den vert ferdig, vil turen verte mykje tryggare. Men det prosjektet held framleis på, og vert ikkje ferdig før hovudsesongen tek til om kort tid.

Mange turistar fortel at det er sosiale media som trekk dei til Lofoten og Reinebringen.

Laster Instagram-innhold

Klatrar med flatsko og gåstavar

Dreyer har også møtt nokre av desse turistane sjølv.

– Berre for nokre dagar sidan var eg på Reinehalsen (ein turistveg ved foten av fjellet). Det møtte eg eit asiatisk par. Dei hadde nett parkert leigebilen sin, teke med seg gåstavar og skulle opp på Reinebringen – i flatsko, seier Dreyer.

– Til og med vi turvande som er kjend med norsk natur veit at den stien kan vere farleg. Det er frustrerande då åtvaringar berre prellar av, seier Dreyer.

Reinebringen i Moskenes

SLÅANDE UTSIKT: Det er utsikta over fiskeværet Reine som trekk turistane opp på fjellet. Mange får høyre om turistattraksjonen via sosiale media.

Foto: Sverre Hjørnevik

No som sommarsesongen byrjar ser det ikkje ut til at turiststraumen til Reinebringen dabbar av med det same.