Hopp til innhold

Dette irriterer oss mest på tur

Er det mygg, hundebæsj eller søppel? Eller kanskje det er mykje folk? Dette seier det norske folk irriterer dei mest i naturen.

Folk på vei opp og ned sherpatrappa på Reinebringen

For mykje folk er faktisk ein av tinga som irriterer nordmenn på tur. Her frå Reinebringen i Lofoten.

Foto: Ole Dalen

– Dei tinga som irriterer meg mest på tur er toalettpapir og mygg, seier Alyson Thompson.

Ho er på veg ned frå det populære fjellet Reinebringen i Lofoten. I dag var det vått og glatt, så Alison valde å snu før ho kom til toppen. Men den fjellvande amerikanaren lar ikkje det øydeleggje opplevinga.

Men dersom ho skal trekke fram noko som irriterer henne på tur, så er det altså mygg og toalettpapir.

– Mygg kan vi jo ikkje gjere noko med, men folk kan jo ha med egne posar til toalettpapiret sitt, seier Thompson, som ikkje er den einaste med den haldninga.

Kvinne med svart regnjakke og barnet hennes smiler til kamera med gress i bakgrunnen.

Alyson Thompson og familien prøvde å gå Reinebringen ein regntung dag i sommar.

Foto: Vilde Bratland Erikstad

Bæsj frå folk og hundar

På vegne av organisasjonen Norsk friluftsliv har Ipsos spurt nordmenn kva som irriterer dei når dei er på tur.

– Forsøpling er irritasjonsmoment nummer ein, seier Siri Meland i Norsk friluftsliv.

– Men vi ser også at hundebæsj, menneskeleg avføring, hundeposar og dopapir er aukande irritasjonsmoment for dei som er på tur.

Les også Tyske Daniel fikk teste bæsjeposer i Lofoten: – Nå slipper jeg å grave hull i bakken

Tyske Daniel tester ut bæsjeposen i Lofotodden nasjonalpark

Dei undersøkte også dette temaet i 2020, og det er spesielt ein ting som irritera oss meir no enn før.

Det er hundebæsj.

14 prosent irriterte seg over dette i 2020, mens no er det 54 prosent som syns dette er irriterande.

– Det har auka kraftig, seier Meland.

Lause hundar er også eit irritasjonsmoment som har auka mykje sidan sist.

– Folk irritera seg over det same om du er i sør, nord, aust eller vest. Det er heilt likt, seier Meland.

Les også Her skal flest nordmenn feriere – og hit bør du dra om du vil være «alene»

Nordøyvegen sett fra Kvarven

Er ikkje så flink som vi trur

– Forsøpling påverkar korleis ein opplev friluftsliv, villmark og nasjonalparkar, seier forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Rose Keller.

Ho har sett på korleis auka besøkstal har påverka naturen i Lofotodden nasjonalpark i Lofoten og i Femundsmarka i Innlandet.

Der har ho og kollegaene delt ut spørjeskjema og intervjua folk om kva dei gjer på tur, og kva dei meiner om forsøpling, natur og menneskeleg avføring.

Forsker Rose Keller tester vannprøver i en hvit flaske utenfor ei rød hytte

Rose Keller har faktisk forska på korleis menneskeleg avføring påverkar naturen. Her jobbar ho med vassprøver for å sjå etter spor av E. coli.

Foto: Privat

Ho fortel at spesielt menneskeleg avføring øydelegg turen vår. Åtte av ti sa at synet av avføring påverka opplevinga deira negativt eller svært negativt.

Når det kjem til forsøpling svarte dei fleste at dei vanlegvis plukkar opp etter seg, men at ein kan vere uheldig og avfallet kan for eksempel blåse vekk.

– Folk fortalde oss at dei tek med søppelet heim, men då vi i 2022 kartla ein populær sti og leirplass i Femundsmarka merka vi ei stadig auking av søppel, seier Keller.

Kva irriterer deg mest på tur?

Ho seier avfallet i Femundsmarka stort sett ligg bak store steinar og delvis graven ned. Mange prøver også å brenne søppelet.

– Det er ikkje bra. For noko av søppelet brenn ikkje opp, og då får ein tusenvis av små søppelbitar som skadar landskapet og fleire dyreartar.

Så sjølv om vi irriterer oss over forsøpling, kan vi bli flinkare til å gjere noko med det.

– Folk legge att søppel i naturen sjølv om dei veit at ein ikkje bør gjere det.

Les også Søpler ned nasjonalpark

Femundsmarka

Ting vi kan gjere noko med

Elias Martins er såkalla stivert på Reinebringen. Han nøler ikkje når han blir spurt om ka som irriterer han på tur:

– Dronar! Eg forstår at folk ønsker å ta fine bilete, men dronane øydelegg den vakre stilla vi har her, seier han.

Mann med gul regnjakke ved steintrapp opp på fjellet Reinebringen

Elias Martins vil heller høyre fuglane og vinden på Reinebringen, enn lyden av dronar som skal ta bilete.

Foto: Vilde Bratland Erikstad

Dei fleste tinga vi irriterer oss over, er ting som vi sjølv har skuld i. Ifølge Meland i Norsk Friluftsliv er det ein fordel, fordi vi kan gjere noko med det.

– Ta med bananskal, og epleskrotten tilbake. Ikkje bruk våtserviett, men vanleg dopapir og gå litt lenger vekk frå stien når du skal gjere ditt fornødne, slik at vi andre ikkje trakka i det. Eller at ein hund rullar seg i det. Det har eg sjølv opplevd, og det er ikkje noko morosamt, seier Meland.

Og i Lofoten har dei gjort noko med det.

JU-pressebilde, Siri Meland

Siri Meland i Norsk Friluftsliv seier det er viktig å plukke opp etter seg og vise omsyn.

Foto: Joe Urrutia/Norsk Friluftsliv

Folk der var så lei av å få naturen grisa ned av avføring, at dei i fjor innførte bæsjeposar for menneske som eit prøveprosjekt.

Keller i NINA har leia prosjektet, og seier at dei gratis bæsjeposane nærmast har blitt rive ut av «hyllene». Dei held fram med prosjektet i år også, og etter to dagar er tre fjerdedelar av posane vekke.

Etter at dei innførte prosjektet har dei hatt færre tilfelle av E. coli-bakterien i bekkane.

– Vi har sett ein viss effekt av posane, seier ho.

I Femundsmarka har dei også prøvd ut eit tiltak med skilting for å bli kvitt søppelproblemet. Å minne folk på at dei må plukke opp etter seg har ført til redusert forsøpling, seier Keller.

– Det er når vi prioriterer å formidle ei tydeleg melding om ønska åtferd, at det blir lettare for besøkande å gjere det.

Vindstad er inngangsporten til Lofotodden nasjonalpark

I mangel på offentlege toalett bæsjar besøkande i Lofotodden nasjonalpark i naturen.

Foto: Benjamin Fredriksen / Benjamin Fredriksen