Hopp til innhold

Fiskeriministeren vil rydde opp i fiskesmuglinga

Hittil i år har det blitt beslaglagt dobbelt so mykje fisk som i heile 2016. Fiskeriminister Per Sandberg forsøkjer no å ordne opp.

Per Sandberg

MILJØKRIMINALITET: – Det er store verdiar det er snakk om. Difor er det viktig at me får stoppa denne miljøkriminaliteten, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Dette er rein miljøkriminalitet, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Førre veke fortalde NRK om tollarane i Nordland som har beslaglagt meir på tre månadar i 2017 enn i heile 2016. Denne helga blei to nye storbeslag gjort på grensa mot Sverige, og 350 nye kilo fisk vert destruert.

Fiskeriministeren har no håp om å få bukt med turistar som misbrukar naturresursane.

Tollvesenet gjorde eit stort beslag på Bjørnfjell

STORT BESLAG: På Bjørnfjell stoppa Tolletaten ein hengar med 633 kilo fryst kveite. Det er nesten like mykje som blei beslaglagt i heile 2016.

Foto: Tollvesenet

– Nye reglar må på plass

– Eg la fram nye lovproposisjonar i statsråd førre fredag. Dei ligg no hjå Stortinget, og eg ventar berre på deira behandling før eg kan utarbeide nye reglar, seier Sandberg.

Sandberg seier også at når ein skal starte med nye reglar og registrering av kor mykje turistfiskeanlegga tek opp, må ein lønne dei som er med på ei tidleg omlegging.

– Då kan dei som er med på registreringa få eit noko høgare tal kilo til eksport, seier ministeren.

Redd for at mørketala er kjempestore

– Dette er ei sak eg som fylkesråd har vore oppteken av lenge. Rovfiske øydelegg for både fiskarar og naturen, seier Mona Fagerås, SV sin listetopp i Nordland.

Fylkesråd for næring – Mona Fagerås (SV)

ENGASJERT: Smugling av fisk er ei sak som engasjerer. Mona Fagerås meiner det er store mengder ressursar som går vekk.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Oppfordringa frå Mona Fagerås, SV sin listetopp i Nordland er klokkeklår. Ho reagerer kraftig på auka i smugling av fisk ut frå Noreg.

– Turistfiskeanlegg må ha klare lister på kor mykje som takast ut. Eg er redd for at mykje forsvinn frå Noreg utan at me anar det, seier Fagerås.

Ein dyr affære

Men det er ikkje billeg for smuglarane om dei vert tekne. I 2015 blei to menn stoppa på Bjørnfjell med over 300 kilo torskefilet. Dei måtte punge ut med 15.000 kroner i bot. Ein person i eit reisefølge blei i går stoppa på same overgangen med 250 kilo fisk. Han måtte betale nær 25.000 kroner.

Laster Twitter-innhold

Håpar på snarleg løysing

– Ei ny ordning kunne vore på plass fort, men samstundes må næringa få høve til å tilpasse seg. Men at vi får dette til før første januar 2018, det er eg rimeleg sikker på, seier Sandberg.

– Korleis tykkjer du stemninga er før dette skal behandlast?

– Det har vore diskutert og eg trur det er brei einigheit på Stortinget, svarar fiskeriministeren.