Hopp til innhold

Dramatisk auke i smuglarbeslag

Tollarane har beslaglagd nær dobbelt so mykje smuglarfisk på tre månadar som i heile 2016.

Tollvesenet gjorde eit stort beslag på Bjørnfjell

STORT BESLAG: På Bjørnfjell stoppa Tolletaten ein hengar med 633 kilo fryst kveite. Det er nesten like mykje som blei beslaglagt i heile 2016.

Foto: Tollvesenet

– Det er eigentleg ein bra start på sesongen, seier Hilde Pettersen Ruud, avdelingsleiar for grensekontrollen i Midt-Noreg.

Dei første tre månadane av 2017 beslagla tollvesenet i underkant av 1400 kilo filet ved grenseovergangane i Nordland. I heile 2016 tok tollvesenet 866 kilo.

– Sesongen for beslaglegging av fisk byrjar i februar-mars og varar til tidleg sommar. No er vi i alle fall godt i gong, ler Ruud.

Hilde Pettersen Ruud

EIN FORMIDABEL INNSATS: Ruud meiner hennar kollegaar gjer ein god innsats for å stoppe fiskesmuglarar.

Foto: Hege Landrø Johnsen / Tolletaten

– Er dette grunna meir smugling av fisk, eller er det Tollvesenet som gjer ein betre jobb?

– Det kan vere begge delar, men mest sannsynleg er det ei auke i smugling. Våre folk gjer ein formidabel innsats, seier Ruud.

Nokre turistar føl ikkje reglane

Ruud fortel at slik smuglarfisk ofte er på veg til Tyskland og land i Aust-Europa. Dette er land som også mange turistar kjem frå for å fiske i Nord-Noreg.

– Noreg tapar på at privatpersonar kjem og drar nytte av fellesskapet sine ressursar, seier Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag.

Ingebrigtsen og Fiskarlaget fremja i fjor eit ynskje om utvida grensekontroll for å stoppe smuglarfisk. Men han har ikkje noko i mot turistfiskarane.

– Det er klart at turistar skal få lov til å nyte den norske naturen og det den har å by på, men dei som smuglar store mengder er ikkje turistar, seier Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen seier Fiskarlaget lenge har forsøkt å setje fokus på personar som kjem til Noreg med eitt mål for auge – å fiske opp so mykje som mogleg for å selje det.

– Vi fiskarar har jo ofte kontroll, kjenner reglane godt og innrettar oss etter desse. Turistfiskarane fiskar og tek med seg det dei får, ofte for mykje, seier Ingebrigtsen.

Kjell Ingebrigtsen ute på havet

REDD FOR KYSTTORSKEN: Kjell Ingebrigtsen seier spesielt kysttorsken lir under turistsesongen, og at bestanden har minka dei siste par åra.

Foto: Norges Fiskarlag/Erik Indrestrand

Fisken Tolletaten beslaglegg vert destruert.