Hopp til innhold

Bjørn har drøymt om dette biletet i over eit år

Dei fleste har sett og sikkert irritert seg over måsane som svermar kring småbåten eller uskuldige folk på tur på moloen. Men få har sett fuglen slik Bjørn har fanga den.

Unikt måkebilde
Foto: Bjørn Eide

– Dette er eit bilete eg har hatt i tankane i eit år, kanskje lengre.

Bjørn Eide frå Melbu i Vesterålen er ein ivrig hobbyfotograf.

– Eg dreg nok aldri nokon stad utan at kameraet er innan rekkevidde, seier Eide.

Og det gav avkasting på ein fisketur ein fin fredag kveld.

Eide sløgde seien dei fekk medan måsen sat på ripa og venta. Med kameraet på plass lét han buffeen til fuglane opne.

– So vart det faktisk klaff første gangen, seier Eide entusiastisk.

Bjørn Eide

Bjørn Eide ser på seg sjølv som ein over middels fotointeressert kar.

Foto: Privat /

Inspirert av verdskjend fotograf

Biletet Eide fekk av måsen i matfatet er kanskje attkjenneleg for nokre. Mange tenkjer nok på ein spekkhoggar og ein sildetrålar – eit ikonisk fotografi av Audun Rikardsen.

– Eg legg ikkje skjul på at eg er tungt inspirert av Rikardsen og det han får til. Det er jo som å hoppe etter Wirkola, men eg er veldig nøgd med resultatet, seier Eide.

Rikardsen er ein verdskjend naturfotograf frå Troms. I fjor var han ein av dei som fekk pris i den prestisjetunge konkurransen Wildlife Photographer of the Year.

Han er naturfotograf i verdensklasse. Audun Rikardsen har stadig en trang til å ta bilder som ingen før har sett maken til. Og han gjør det ikke enkelt for seg selv når han skal fange dyrene i linsa.

Sjå korleis Audun Rikardsen jobbar for å fange bileta han er blitt verdskjend for.

Ingenting gjekk til spele

– Eg fekk tatt mange bilete, men dette vart desidert det beste. Måsen var ivrig den dagen, han sat jo rundt oss på ripa, seier Eide.

Fotografiet han fekk var nok høgdepunktet på kvelden, men fisken dei fekk var ikkje noko minus heller. Med sei innanbords var kvelds for både tobeinte og bevinga sikra.

Unikt måkebilde

Bjørn Eide seier det eigentleg var greitt å få det biletet han var ute etter, for måsen spelte på lag so lenge det var mat i biletet.

Foto: Bjørn Eide