Hopp til innhold

Noregs Fiskarlag om DAB-dekninga: – Dei gamblar med tryggleiken

Noregs Fiskarlag er bekymra for tryggleiken til fiskarane når vêrvarsling og annan NRK-radio byter plattform i neste veke. – Ein treng ikkje uroe seg, seier Digitalradio Norge.

Fiskebåt ved Spildra

TRUGA TRYGGLEIK: Mellom anna under vinterfisket er vêrvarsling viktig for fiskeflåten.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Utan radio er ein heilt hjelpelaus, seier Steinar Jonassen, dagleg leiar av Nordland Fylkes Fiskarlag.

Onsdag 11. januar sluttar NRK å sende radio på det gamle FM-nettet i Nordland. Alle sendingar frå rikskringkastinga, mellom anna nyhender og vêrvarsling, kjem til å bli sendt på digitalradio.

– Dei tilbakemeldingane me har fått frå fiskarane er at der er store hól langs nordlandskysten, så difor er me svært spent på kva som skjer når vêrvarslinga til NRK ikkje lenger kjem på FM-nettet, seier Jonassen.

Steinar Jonassen

EIT VIKTIG INSTRUMENT: Steinar Jonassen understrekar kor viktig radioen er for fiskarane, spesielt med tanke på tryggleik.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Ein treng ikkje uroe seg

– Havet har svært god dekning no, seier Jørn Jensen hjå hjelpeteamet til Digitalradio Norge.

Jørn Jensen ombord på ein fiskebåt som nett har fått DAB-radio

IKKJE UROA: Jørn Jensen har trua på at dekninga til sjøs held.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Jensen understrekar at NRK har testa dekninga fleire stadar langs kysten mellom Andenes og Rørvik. Denne rapporten undersøkte også kva slags radioar som fungerte kvar, og konstaterte at innanfor dekningskartet hadde integrerte radioar med høg antenne godt signal, medan lågare antenner og bordradioar måtte mykje nærare sendarane.

– Men så klart, me ser på rapportar som kjem inn, og er der alvorlege manglar, gjer me det me kan for å få opp sendarar eller andre løysingar, legg Jensen til.

Nye sendarar

Men utbetringar av dekninga skjer i siste liten. Tidlegare denne veka blei det installert ei DAB-antenne på Skomvær Fyr, som skal dekkje havområde rundt Røst, som har hatt rapporterte problem. Ei slik antenne blei også nyleg sett opp på Værøy.

– Me tykkjer det er særs viktig at fiskeflåten får den dekninga dei nye sendarane gjev dei, seier Jensen.

DAB-antenna på Skomvær Fyr

NY ANTENNE: Tidlegare denne veka stod DAB-antenna på Skomvær ferdig.

Foto: Rune Flatmo / Norkring

Men ikkje alle er like nøgd med utbygginga av nye sendarar så nært på datoen radioen bytar plattform.

– Dei gamblar med tryggleiken, slik dei held på no, seier Kjell Ingebrigtsen, leiar av Noregs Fiskarlag.

– Korleis kan dei påstå at dekninga er god nok, utan å ha testa desse nye sendarane? legg Ingebrigtsen til.

Noregs Fiskarlag jobba lenge for å utsetje NRK si flytting over til digitalradionettet, av same grunnar som dei no er bekymra for, men overgangen skjer no uansett. Det stoggar ikkje Ingebrigtsen frå å ytre si meining.

– At me kjem til å hamne i situasjonar, det er eg rimeleg viss på.

Lederen i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen

KRITISERER FRAMLEIS: Trass i overgangen til digitalradio, er Kjell Ingebrigtsen framleis skeptisk.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Sjekk dekningskartet der du ferdast

Digitalradio Norge har eit interaktivt dekningskart på deira nettstad. Her kan du også finne svar på diverse om digitalradio.

Dekningskart for Nord-Noreg

5 NAUTISKE MIL: Så langt frå kysten skal radiodekninga nå, for å oppnå krava.

Foto: Digitalradio Norge / Illustrasjon