Hopp til innhold

Øyvor er mest nøgd av alle med jobben sin

I Noreg trivst so og sei alle i jobben sin, men ingen er like nøgde som bøndene. Reinhaldarar derimot, ligg langt nede på statistikken.

Øyvor Åsbakk

Øyvor Åsbakk meiner dyra, som kua Tina, er ein viktig grunn til at bønder er so tilfreds med arbeidet sitt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi får jobbe med dyr og det er jo ein velsigning, berre det, seier bonde Øyvor Åsbakk.

I tillegg til bøndene er fiskarane, kunsthandverkarane og legane mest tilfreds i arbeidet sitt. Lågast på statistikken ligg kundeservice, reinhaldarar og hjelpearbeidarar.

I snitt er 88 prosent av oss alle nøgd då vi går heim frå jobben.

Kyr

Gris- og mjølkebonden Øyvor meiner ho ikkje vert einsam då ho har både naboar og dyr om seg heile arbeidsdagen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Høg utdanning = høg trivsel?

Sett vekk frå dei som ligg heilt i toppsjiktet, er øvre del av tabellen av dei tilfredse prega av yrke med krav om høg utdanning. Likt er dette spegla i den nedre halvdelen av statistikken.

Leiarar, legar, sivilingeniørar, politi – alle har krav om høgare utdanning, og i desse yrkene er kring 90 prosent tilfredse med jobben sin.

Av dei tre yrkesgruppene som ligg nedst kundeserviceyrker, reinhaldarar og hjelpearbeidarar er det stort sett ikkje krav om høgare utdanning. Her er mellom 70 og 80 prosent nøgde med jobben.

– Jobbtilfredsheit ser ut til å hengje tett saman med moglegheiter for å utnytte og vidareutvikle kompetanse. Yrkesgruppene der flest oppgjer at dei har gode moglegheiter for å nytte utdanninga si og lære nye ting, er også mest motivert og engasjert i arbeidet sitt, seier seniorrådgjevar i SSB Mari Lande With.

(Nokre yrker måtte bli fjerna frå tabellen, sjå heile statistikken hjå SSB.)

Samhald er nøkkelen

Trass i at reinhaldarane er lågt på statistikken, trivst jo framleis åtte av ti. Likevel ser ein veteran i yrket ikkje overraskande på slike tal.

– Det er jo klart at det er nokre som av og til kan føle seg utanfor, spesielt i store byrå og om reinhaldarane er på mange ulike plassar.

Torild Pedersen er husøkonom ved Nord universitet i Bodø og har vore i reinhaldsbransjen sidan 80-talet. Ho har arbeidd i både store byrå og for einskilde bedrifter.

Ho meiner at om ein skal heve trivselen endå meir hjå reinhaldarane, må ein sørge for god opplæring, skikkelege arbeidsplanar og ikkje minst eit fellesskap. Sjølv meiner ho seg viss på at hennar tilsette ikkje er av dei som trekk ned statistikken.

– Vi har veldig god kontakt. Eg trur no dei fleste trivst, eg har ikkje høyrd noko anna i alle fall, seier Pedersen.

Torild Pedersen

Etter mange år i bransjen, både i og utanfor store byrå, er Pedersen viss på at trivsel kjem frå eit godt samhald.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Meiningsfullt arbeid

– Det å stå opp om morgonen og få gå ut til dyra er ein veldig takksam jobb, seier Åsbakk.

Ho meiner at det å ha ei meining med jobben ein gjer også er viktig, i tillegg til å ha eit godt forhold til naboar og kollegaar. Bøndene bidreg også til å produsere mat og halde oppe ei viktig næring, sjølv so langt nord som Bodø.

– Vi er jo viktige. Det å vere ein del av ei viktig næring, det er jo stort!

Øyvor Åsbakk

– Eg trur ikkje ein blir åleine då ein jobbar saman med dyr. Då har ein nokon i lag med seg, seier bonden.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK