Hopp til innhold

Eit stygt fall gjorde Andreas til surdeigsentusiast

Andreas Mortensen sin mani over surdeigsbrød spreia stor glede på jobb. Matprat seier at interessa for surdeigsbakst framleis er stor etter at det trenda under pandemien.

– Det er nester artigare å sjå på dette enn på tv.

Det seier 35 år gamle Andreas Mortensen medan han ser på surdeigsbrøda vekse i omnen.

Surdeigsstartaren han brukar er frå 2019, men for brønnøyværingen starta reisa med surdeig lenge før det.

I 2018 hadde han eit stygt fall på snowboard i Sverige.

Andreas Mortensen

Andreas Mortensen har jobba offshore i fleire år. Han har brukt lang tid på å perfeksjonere surdeigsbrødet han lager til kollegaene.

Foto: Oda Viken / NRK

Og for å trene seg opp igjen, sa fysioterapeuten at han kunne stå og lage rundingar med hendene.

– Så spurde eg om eg kunne kna ei deig.

Og det var det berre å gjere, svarte fysioterapeuten.

– Så då vart det til at eg baka veldig mykje. Det har blitt meir ein mani enn ein hobby. Det tek litt over, men på ein god måte, seier Mortensen.

Og det er fleire som set pris på lidenskapen til bakaren.

Surdeigsbrød

Et rykande ferskt surdeigsbrød ligg klar til dagens lunsj.

Foto: Oda Viken / NRK

200 kilometer til havs

Mortensen jobbar nemleg som kokk og bakar over 200 kilometer til havs frå Helgelandskysten, på produksjonsskipet Skarv.

Der lagar han mellom 50 og 60 brød i veka til om lag 100 folk om bord. Det blir godt teke i mot av dei fleste som jobbar på skipet.

– Dette her er ekstraservice frå Andreas, seier plattformsjef på Skarv, Iver Dahl.

Han legg til:

– Det han lagar skapar veldig god stemning. Entusiasmen hans smittar over på mange andre. Det betyr mykje for arbeidsmiljøet, og det er viktig for oss.

– Vi drøymer om det når vi er heime. Du får ikkje slik bakst andre stadar. Kanskje berre på eit bakeri, seier Jarle Brattetaule som også jobbar på skipet.

Anette Hansen, matfagleg rådgjevar i MatPrat er ikkje overraska over engasjementet til Andreas Mortensen.

Prestisje blant gutane

Surdeigsbrød kan ha blitt vanleg i Noreg på 1300-talet, då fekk folk i byane seg bakeomn. Likevel var det ikkje før ut på 1700-talet at fleire i dei store byane bytta ut flatbrød med surdeigsbrød.

Men i løpet av 1800-talet måtte kunsten vike for ein meir lettvint metode.

Ein kunne då nemleg dyrke gjærbakteriar. Då kunne ein bruke bakegjær, og bakinga tok mykje kortare tid. Dette tok etter kvart over for surdeigen.

Men under koronaen kom den gamle kunsten tilbake. Og ifølge MatPrat hadde dei rundt tusen prosent auke på oppskrifter med surdeig. Då vart det veldig trendy blant unge å bake surdeigsbrød.

Kanskje særleg for menn.

Les også Dette populære brødet har bare tre ingredienser: – Kalles kongen av brød

Surdeigsbrød som avkjøles på skjærefjøl.

– Gutane bakar nok oftare surdeigsbrød enn vanleg brød. Dei liker at det er ein prosess og ei utfordring med å lykkas. Det er litt røffare å bake surdeigsbrød, seier Anette Fjelleng Hansen i MatPrat.

Anette Fjelleng Hansen, Matfaglig rådgiver og visuelt ansvarlig foto i MatPrat.

AUKE: I løpet av det siste året har Matprat hatt ei auke på 70 prosent når det gjeld oppskrifter på surdeig, fortel Anette Fjelleng Hansen.

Foto: Sara Johannessen / MatPrat

Spesielt ser dei at mange søker på oppskrifter med lyst mel, samt korleis du skal lage, halde liv i og mate ein surdeigstartar.

– Det blir meir ein hobby enn berre vanleg brødbakst. Og for dei som blir bite av denne basillen, er det ikkje så rart at dei blir oppslukt. Det er som å vatne blomster.

Men Andreas Mortensen har ein draum om å ta lidenskapen sin litt lenger enn dei fleste andre surdeigsentusiastane.

Les også Kan huse 440 oljearbeidere: – Muligens Norges dyreste hotell

Floatel Endurance

Draumen om eit bakeri

– Eg draumar om å starte eit lite bakeri når eg er heime på turnusfri, slik at fleire enn dei som er offshore kan nyte dei gode bakevarene, seier han.

Han syns det er givande at folk set pris på det han gjer.

– Legg du ekstra sjel i ting så blir det set pris på.

Andreas Mortensen er kokk på skarv. Han står på et storkjøkken med stålredskaper i svart kokkejakke og lue og ser litt til venstre for kamera.

Andreas synest det er morosamt å sjå brød heve i omnen enn å sjå TV og film.

Foto: Oda Stine Hansen Viken