Hopp til innhold

Krigshelten ingen visste om: – Det var ikkje slike heltedådar som stod i fokus etter krigen

Da byen blei forvandla til eit helvete på jord, redda ein uheidra krigshelt skattane i byen.

Sokneprest Kyrre Kolvik viser fram kyrkjesølvet som vart berga.

Sokneprest Kyrre Kolvik viser fram kyrkjesølvet som vart berga av Albert Andersen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Sola skin over Bodø 27. mai 1940.

Kyrkjetenar Albert Andersen har ringt i klokkene heile dagen, men det er ikkje av glede.

Dei ringer for å varsle om bombene som kjem.

Levande flyalarm

No har 81 år gått sidan den gong. Men framleis vert folk i Bodø døypt i døypefonten frå kyrkja som brann ned den dagen.

Det er på grunn av ein heltemodig kyrkjetenar.

I overkant av 1200 bomber blei sleppte over Bodø den dagen. Sjølv om 6 av 10 bodøværingar mista heimen sin 27. mai 1940, vart det berre 15 menneske som mista livet då byen blei jamna med jorda. Dei fleste hadde allereie flykta frå byen.

Men nokon reiste ikkje.

I kyrkjetårnet sat ein levande flyalarm og ringde med klokkene medan han speida etter fly.

Albert Andersen forlét ikkje posten sin.

– Han var ein solid kar. Alt han gjorde, gjorde han skikkeleg, seier Oscar Berg.

Han er historikar ved Nordlandsmuseet. På slutten av 70-talet besøkte han den segnomspunne kyrkjetenaren for å høyre historia hans med eigne øyre.

– Då var han ein gamal mann. Han var hyggeleg å prate med, men eg veit ikkje om han hadde så stor omgangskrins, fortel historikaren.

Andersen budde heile sitt liv i Bodø. Blant gater kalla opp etter General Fleischer, Sverre Granlund og Harald Langhelle.

Men ingen gater vart kalla opp etter kyrkjetenar Andersen.

Marerittbyen frå orkesterplass

Tilbake i 1940 er klokka snart seks på ettermiddagen den 27. mai.

Andersen står i toppen av kyrkjetårnet. Han er flyvakt og det er han som skal ringe i klokkene når flya kjem.

Handa kviler på klokka medan høyrer buldringa frå 37 tyske fly som kjem inn over byen.

Domkirka_ETTER
Domkirka_FØR

Til venstre: Ruinar av domkyrka i Bodø. Til høgre: NS-myndigheitene planla eit partihus her, men det vart endra etter krigen. I dag står domkyrka der. Ho opna i 1956.

FOTO: Norsk Luftfartsmuseum / Sigurd Steinum/NRK

Kyrkjetårnet er ein fin plass for å ha utsyn over byen. Samstundes er tårnet utsett.

Andersen dreg i klokka ein siste gong. Dette er ikkje ein blivande stad.

Til venstre: Albert Andersen, til høgre hans svoger Johann Bjørnsti

Bilete av Albert Andersen frå omkring 1970. Til venstre: Albert Andersen, til høgre hans svoger Johann Bjørnsti.

Foto: Robert Bjørnsti / Privat

Kyrkjetenaren spring ned trappene til kyrkjetårnet og ut på gata. Byen, som for kort tid sidan var ein spøkelsesby, er no eit mareritt.

Flya skyt etter folk i gatene og store deler av byen brenn allereie.

Historikar Steinar Aas har skrive fleire anerkjente publikasjonar. Blant dei er «Forvandlinga: Bodøs historie».

Til boka har han samla fleire vitnesbyrd, mellom anna frå Johan Mohus. Han var i byen samstundes som Albert Andersen og fortalde korleis det var i timane då bombene fall. Sjølv kattane i byen stod i brann.

«Rundt i byen sprang glødende katter og freste. Jeg måtte skyte en på torvet. På hundre meters avstand fyrte jeg av så katta hoppet høyt i været før den falt ned. Katten la seg ved siden av en naken mann som lå oppbrent midt på torget. Fettet var rent ut av kjøttet og langt ned i gata.»

Storgata 2 etter
Storgata 2 før

Til venstre: Storgata i ruinar med Rønvikfjellet i bakgrunnen. Til høgre: Storgata med den overbygde handlegata Glasshuset.

FOTO: Arkiv etter Åge Johansen, Arkiv i Nordland / Sigurd Steinum, NRK

Andersen speidar etter ein skulestad. Ved Nordlandsmuseet ligg ein fembøring – ein stor gamal båt.

Kyrkjetenaren gøymer seg under båten for å verje seg frå jegerfly og brennande hus.

Fembøringen utanfor Nordlandsmuseet der han stod då Albert Andersen gøymte seg under han.

Fembøringen utanfor Nordlandsmuseet. Berg fortel at jekta kom til museet i 1926 frå Steigen. Då var Nordlandsmuseet eit samtidsmuseum for fiskeria.

Foto: Arkivfoto / Nordlandsmuseet

Fylte fiskekassar med kyrkjesølv

Albert Andersen er ikkje åleine under båten. Ein engelsk soldat ligg der allereie. Dei to ser brannen sluke byen frå orkesterplass.

Flammane sleiker oppover veggane til kyrkja. I det tårnet fell høyrer Andersen ein djup orgeltone. Kyrkjetenaren må berge det han kan.

Kyrkjesølvet i Bodø Domkyrkje som vart redda av Albert Andersen

I dag prydar lysestakane som kyrkjetenar Albert Andersen redda frå den brennande kyrkja under altertavla.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

– På eit eller anna vis fekk han tak i to store fiskekasser. Han fylte desse med kyrkjesølvet, mellom anna døypefatet og to store lysestakar. Han køyrde dei ut av kyrkja på ei handkjerre, fortel historikar Oscar Berg.

Der stoppar dei historia om Albert Andersen. Ingen veit korleis han frakta sølvet i sikkerheit. Under krigen tok han dei jobbane han kunne få. Då historikar Oscar Berg vaks opp var han kommunearbeidar og skifta lyspærer i gatelyktene medan han køyrde rundt på ein liten traktor.

Gløymt helt

– Ære vere Albert Andersen, seier sokneprest Kyrre Kolvik.

Historia om Albert Andersen er ikkje ny for han. Han har fortalt historia til konfirmantar i mange år. Og han har døypt mange tusen bodøværingar i døypefonten Albert redda ut av den brennande kyrkja.

Sokneprest Kyrre Kolvik viser fram kyrkjesølvet som vart berga.

Sokneprest Kyrre Kolvik har døypt mange hundre barn i døypefonten sidan han vart redda ut av den brennande kyrkja.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Soknepresten fortel at særleg fordi Bodø domkyrkje er den nyaste av alle domkyrkjer i Noreg, er døypefonten og lysestakane viktige. Dei vitnar om kyrkja som brann og om krigen.

Mange meinte det vart gjort for lite stas på Andersen, ifølge historikar Oscar Berg.

Bodø domkirke.

Bodø domkyrkje slik ho ser ut i dag. Kyrkja stod ferdig i 1956 og Albert Andersen var der då sølvet han hadde redda vart bore inn under opninga.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Sjølv ikkje dei attlevande etterkommarane hans, Robert og Olav Bjørnsti, kjente til at onkelen deira hadde redda kyrkjesølvet i Bodø.

Sokneprest Kyrre Kolvik ved altertavla

Framfor altertavla er dei to lysestakane eit varig bevis på redningsaksjonen til kyrkjetenaren for 81 år sidan.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Det var ikkje slike heltedådar som stod i fokus etter krigen. Det handla om dei som hadde vore ute i aktiv teneste, fortel Berg.

Men Albert Andersen berga det einaste frå den gamle kyrkja som finst i dag. Enno står det i domkyrkja.

Salmen var det siste livstegnet fra byen da 1200 bomber falt