Hopp til innhold

63-år sidan Riegl vart senka

Det er i dag 63-år sidan fangeskipet DS Riegl vart senka mellom Tjøtta og Rosøya sør for Sandnessjøen.

 Og i dag har det vore minnemarkering på krigskirkegarden på Tjøtta.

Det har vore stor tvil om kor mange som eigentleg mista livet under angrepet på fangeskipet Riegl. Det har vore snakk om alt i frå 2000 til 4500 menneske. Men offisielt har ein sagt at 2572 menneske mista livet når Riegl vart bomba.

Fangane på skipet kom i frå Russland, Polen og Serbia. Det var også sju nordmenn som omkom.

I tillegg var det 267 personar som overlevde.

 

 

Lokalhistorikar Skule Storheil arrangerer minnemarkeringa på Tjøtta.

Ukjend grav

- Grunnen til at me har markeringa her på Tjøtta i dag er at me fant ut at det var ei ukjend grav frå Riegl-katastrofen på den gamle gravplassen på Tjøtta. Og etter mykje arbeid frå Reserveoffisersforbundet si side vart grava funnen igjen. Me bestemte oss då for å setje opp eit kors og ei minneplate. Dessutan bestemte me oss for å leggje på ein krans 27. november, fortel Storheil.

Skule Storheil var seks-år gamal då Riegl vart senka og han såg på når Riegl gjekk ned.

- Eg stod rett i fjæra ovanfor der Riegl vart skoten i senk. Eg høyrte flyduren frå dei fyrste rekogniseringsflya og sprang ned i fjæra, plutseleg vart det eit forferdeleg bråk frå dei engelske bombeflya som kom inn, fortel Storheil.

Flammehav

Han fortel at dei kom inn armert med maskinkanoner og bomber.

- Når dei kom inn satte dei i gang angrepet utanfor Rosøya og dette var sjølvsagt veldig spanande for oss ungane. Me skjønte ikkje kva som skjedde der ute, men det var eit forferdeleg flammehav, seier Storheil.

Valdsamt inntrykk

Han fortel at det var sterke minner for eit barnesinn og han seier at han hugsa opplevinga i mange år etter krigen.

- Det gjorde valdsamt inntrykk, og me vart heile tida minna på kva som skjedde den dagen. Me hadde mellom anna ei flåte frå Riegl som låg i fjæra i fleire år etter krigen, seier han.

Det er dette minnet som gjorde at Storheil ville gi dei omkomne eit minnemerke.

- Minnene er sterke og desse menneska fortener å verte hugsa, seier han.

Stor interesse

Han fortel at folk er svært interessert i historia rundt Riegl.

- Folk er veldig interessert og det ser me når me har omvisning på krigskirkegarden og Riegl-kirkegarden. Då er det alltid nokon frå lokalbefolkninga der. Inntil no har me hatt med oss veldig mange som levde i den perioden Riegel gjekk ned, men dei vert det færre og færre av, fortel Storheil.

Han tykkjer det er flott at ein idag kan minnast dei omkomne etter Riegl-senkinga.

- Mange har lenge vore klar over at det har vore ei grav på den gamle kirkegarden på Tjøtta, men det er fyrst no me har ei markering her, seier Storheil.

 

Riegl-katastrofen  Sjå Intervju med ein av dei som opplevde katastrofen, Asbjørn Schulz. Intervjuet vart gjort i samband med markeringa av 60-års dagen for senkinga av fangeskipet. Asbjørn Schulz døydde ei kort stund etter intervjuet tok stad i 2004. Reporter Lars Bjørn Martinsen