Hopp til innhold

- Ein veldig trist dag

All verksemd i selskapet er frå idag lagt ned med umiddelbar verknad.

Kato Air på Røst

Styret i Kato Airlines AS og Kato Air Services avgjorde i går at dei ikkje har grunnlag for å halde fram.

Foto: Anne Mette Berget / NRK

Styret i Kato Airlines AS og Kato Air Services avgjorde i går at dei ikkje har grunnlag for å halde fram, skriv Fremover.

Mista løyvet

- Styret vedtok i går å leggje ned drifta av Kato Airlines og Kato Air service. Dette vart gjort fordi Kato Air Service vart freteken løyve til å levere verkstadtenester grunna for dårleg vedlikehaldsordning. Kato Airlines har ikkje høve til å operere utan ei godkjent verkstad-ordning, seier Karlsen til NRK Nordland.

Dei understrekar i ei pressemelding at dei tek avstand i frå Luftfartstilsynet sin kritikk av dagleg leiar Yvonne Karlsen. Ho forsvarar sjølv dei inngrepa ho har gjort.

- Dei inngrepa eg gjorde var fordi eg måtte ta ansvar. Eg hadde ein verkstadsjef som ikkje tok ansvar i selskapet, og dei grepa eg gjorde hadde ingenting med det tekniske vedlikehaldet å gjere. Dette er snakk om administrative prosedyrer, noko eg har innrømt overfor Luftfartstilsynet, men etter møtet på fredag fekk eg ikkje høve til å rette opp i dette, seier Karlsen.

Det skal vere snakk om manglar ved revidering av manualar og manglande beskjed om at tilsette sluttar.

Karlsen fortel at samarbeidsklimaet med Luftfartstilsynet har vore dårleg sidan dei starta Kato Air Service.

- Hovudfaktoren her er at samarbeidet mellom Kato Air Service og Luftfartstilsynet heilt sidan Kato Air Service fekk godkjenninga og heile prosessen med å få godkjenninga har vore ein avgjerande faktor. Det har vore veldig vanskeleg å samarbeide med Luftfartstilsynet sin tekniske fagavdeling. Dei har ein del av ansvaret for at me no leggjer ned, seier Karlsen til NRK Nordland.

Til retten

I pressemeldinga skriv selskapet vidare at dei vurderer å gå til retten grunna saksbehandlinga i Luftfartstilsynet

- Styret vil med juridisk bistand vurdere moglege rettslege skritt overfor den tekniske fagavdelinga i Luftfartstilsynet. Dette basert på den saksbehandlinga som er gjennomført overfor Kato Air Services AS og dagleg leiar, står det i pressemeldinga.

Samstundes understrekar dei at dei har hatt eit veldig godt samarbeid med andre deler av Luftfartstilsynet.

LES OGSÅ: Slår tilbake mot Kato Air

Synd å måtte innstille

Selskapet skriv også i pressemeldinga at det er med tungt hjarte dei no innstiller drifta etter 14 år.

Karlsen fortel at dei vil leggje flya ut for sal og at dei har permitert dei tilsette.

- No skal me rydde opp og avslutte alle avtalar. Deretter skal me førebu sal av fly. Dette er i det heile veldig trist og det var ein tung dag for familien igår, seier Karlsen.