Loppemarked Åse skolekorps
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dugnad kan gjere deg lykkelegare

Det er høgsesong for dugnad og enkelte har slett ikkje lyst å bruke tida si på det. Lykkeforskar Ragnhild Bang Nes anbefaler folk å møte opp sjølv om det ikkje fristar.

Malin Kjellstadli Korsnes

Foreldra som spring skytteltrafikk med kasse og posar fylt med gamle lopper på Åse skole i Ålesund, har ikkje noko val. Dette er ein dugnad korpsforeldra er pliktige til å møte opp på. Å kjøpe seg fri frå loppemarknaden er det ingenting som heiter.

Tobarnsmor Unni Sletten kjem rett frå jobb og veit nøyaktig kva ho skal gjere. Ho har ansvar for tekstilavdelinga, sko og vesker.

– Våren er ganske hektisk, men det er jo vanleg. Det er forventa at vi skal stille opp, men nokre gongar er det litt vanskeleg å få alt til å gå i hop når mykje skjer samstundes, seier Sletten.

I tillegg til korps er borna til Unni også aktive i alpint, ballett, fotball og kulturskulen. Ho møter alltid opp så sant ho har tid.

Unni Sletten

Unni Sletten har barn som er med på fleire aktivitetar. Ho har ansvaret for tekstilavdelinga på loppemarknaden.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjøpe seg ut

Det er ikkje berre på små stader at folk må jobbe dugnad. Trebarnsfar Edvard Hole frå Sykkylven er busett i Oslo, og må ta sin del av det frivillige arbeidet. Han er ikkje berre positiv til å bruke fritida på dugnad, sjølv om han ser at det er bra for fellesskapet.

Edvard Hole

Edvard Hole meiner at dugnad kan vere ein klamp om foten i ein travel kvardag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg opplever at mange familiar har god økonomi, og ein del av dei som stiller opp på dugnad kunne definitivt ha tenkt seg å kjøpe seg fri. Det er eg 100 prosent sikker på, men det blir ikkje sagt. Det er særdeles ukorrekt å seie det, hevdar Hole.

Som småbarnsfar opplever han at dugnad av og til vere ein klamp om foten og noko han ikkje alltid har tid til i ein travel kvardag.

– Eg kan føle at medan eg held ved like barnehagen, har eg ikkje tid til å vedlikehalde mitt eige hus ein gong, seier Hole. Han forstår heilt klart at barnehagen må bruke foreldra til slikt arbeid for å spare pengar, men meiner at det kanskje burde ha vore lov å kjøpe seg fri for dei som vil.

Sjølv har han vore på to dugnader berre dei siste dagane. Først på loppemarknad for korpset og deretter i sameiget der han er styreleiar.

– Det kan vere eit slit å jobbe dugnad, men samstundes er det kjekt å bli kjent med andre, seier Hole. Han meiner at dei som lurer seg unna blir uglesett

Dugnad gir livsglede

Ifylgje ei undersøking frå Frivllig Norge deltok 2/3 av den norske befolkninga i frivillig arbeid i 2015.

Psykolog og forskar, Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet, meiner at effektane av å delta i frivillig arbeid er stor. Det å jobbe saman med andre mot eit felles mål, kan gi deg større livsglede.

– Det å delta på dugnadsarbeid er tett kopla til glede, seier Nes.

Ragnhild Bang Nes

Ragnhild Bang Nes er psykolog og forskar. Ho meiner at det å jobbe for fellesskapet gjer noko med livsgleda til folk.

Foto: Ole Jørgen Kolstadbråten / NRK

Ho meiner at folk kan bli lykkelegare av å stille opp. Grunnen er at ein er i aktivitet, møter andre menneske og gjer noko meiningsfullt saman. Det å sjå resultatet av dugnaden er også hyggeleg.

– Det er stort sett oppgåver som ein haustar gevinst og gleder av sjølv også. Det kan vere å rydde eit felles uteområde eller få orden på barnehagen til sommaren, seier Nes.

Forskarar frå Nederland har funne ut at det er ein sterk samanheng mellom det å arbeide frivillig og vere lukkeleg. Ein av grunnane er at det gir meir sosial kontakt og gjer at du blir kjend med fleire folk.

Skulkar dugnad

Bang Nes veit at mange gruar seg på førehand og kanskje føler at dei ikkje har tid til dugnad, men erfaringa er at humøret snur så snart jobben er i gang.

– Det er ikkje alltid vi er like gira i forkant, men konsekvensen av å jobbe dugnad, kan vere langvarige. Det genererer positive kjensler, folk knyter band, ein får vere fysisk aktiv og arbeidet er meiningsfylt, seier psykologen. På sikt bidreg ein til å betre nærmiljøet og lokalsamfunnet.

På kvar dugnad finst det alltid dei som ikkje stiller opp. Nes trur mange har gode grunnar for å ikkje delta.

– Det er ofte frustrerande for dei andre, for då fell det fleire oppgåver på dei som møter opp, men det er mange årsaker til at ein ikkje er med, seier psykologen.

John Kristian Sundklakk

John Kristian Sundklakk har hatt barn i Åse skolekorps i 16 år. Under denne loppemarknaden er det han som steiker sveler.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dårleg tid er ein faktor, der ein slit med å få timeplanen til å gå opp.

Ein annan faktor er at det finst ulike haldningar til å stille opp for fellesskapet. Enkelte personar er meir individualistar og tenkjer meir på seg sjølv.

– Det finst også dei med sosial angst som gruar seg for å stille opp eller folk som er i ei livskrise og ikkje har overskot til å møte andre, seier Nes.

Fleire burde stille opp

På Åse skole luktar det kjøttsuppe i gangane, medan stadig fleire lopper har fått ein plass på langbordet. Ei mor står på kjøkkenet og rører i ei gryte med 10 liter suppe. Med 60 foreldrepar som har ikkje har hatt tid til å lage middag, er det viktig for motivasjonen å få litt mat undervegs. Av erfaring veit dei at kvelden vert lang.

Gry Bøstrand har tre barn i korpset og humøret hennar er på topp, lenge før kjøttsuppa kjem på bordet. Ho ler høglydt og når ho får på seg ei gamal strikkelue frå ein pose, rungar latteren i gangen.

– Eg er generelt ganske glad, men det er jo litt artig på dugnad. Det er mykje rart å sjå her, skrattar Bøstrand.

Ho og korpsbarna har brukt ei heilt stund på å finne ut kva den eine gjenstanden som er innlevert faktisk skal brukast til.

Gry Bøstrand

Gry Bøstrand synest det er kjekt på dugnad, men blir irritert dersom folk snik seg unna.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Irritert på unnasnikarar

Bøstrand er heilt samd med psykologen som seier at ein blir lykkeleg av frivillig arbeid.

– Det er heilt sant. Eg synest fleire burde ha stilt opp. Har vi fått barn som skal vere med på aktivitetar, må vi bidra, seier Bøstrand.

– Kva synest du om dei som lurer seg unna?

Dugnad for Åse skolekorps

Knut Aase t.v. har kome med lopper til korpset, som korpspappa Terje Hjelvik skal ta seg av.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg blir litt irritert kjenner eg faktisk. Enkelte gongar klaffar det ikkje og det er heilt greitt. Men snik du deg unna fordi du ikkje har lyst, då blir eg litt irritert, seier Bøstrand.

Lett å få folk til å stille opp

Arnold Rørstad er styreleiar i korpset og to gongar i året er det han som står i spissen for loppemarknadane. Kvart arrangement får inn ca. 100.000 kroner og korpset er avhengig av at foreldra stiller opp.

– Med mange hender går det mykje fortare. Folk er positive til å stille opp. Dei veit at det er loppemarknad to gangar i året og det er sosialt for dei vaksne, seier Rørstad. Han opplever at det er lett å få foreldre til å møte på dugnad, men kjenner også til dei som alltid har andre planar.

– Det er alltids nokon som finn ei god anledning til å reise på weekendtur når det er dugnad, men det verkar som om folk er oppriktig interessert i å stille opp, seier Rørstad. Korpset har nedskrive at det ikkje er lov å kjøpe seg ut av dugnader.

– Kven skulle vi då leige inn? Det er ikkje slik det fungerer, seier Rørstad.

Heim for å bake

Etter fem timars dugnad for å lage til loppemarknaden, drar foreldra heim for kvelden. Men heilt fri har dei ikkje. Mange av dei skal lage kaker eller svelerøre, før dei skal ta imot hordane av folk som står klare bak sperrebanda tidleg om morgonen, for å gjere eit loppekupp. Unni Sletten veit det blir travelt, men gler seg.

– Akkurat loppemarknad er noko av det kjekkaste. Då er det mykje folk og liv og røre, seier Sletten.

Arnold Rørstad

Arnold Rørstad er styreleiar i Åse skolekorps med til saman 90 barn. I korpset er det ikkje lov å kjøpe seg fri frå dugnad.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK