Hopp til innhold

Frykter for feiringa - etterlyser dugnadsånda

17. mai-feiringa i Flekkefjord vaklar fordi dugnadsånda sviktar. No roper avtroppande general varsku for å sikre nasjonaldagsarrangement i år.

Musikk-korps i Flekkefjord

Flekkefjord gute- og jentekorps har i fleire år bidrege på 17. mai saman med andre korps.

Foto: Lars Eie / NRK

– Det har blitt vanskelegare å skaffe frivillige, seier avtroppande leiar i 17. mai-komiteen i Flekkefjord, Glenn Tønnessen.

Det er lite som minner om «mai du skjøne milde» ute i snøfonnene i Flekkefjord no, men dei som brenn for feiringa er at i gang med å planleggje.

Og, dei er uroa.

Treng dugnadstimar

– I fjor klarte dei med eit naudskrik å arrangere nasjonaldagen i byen. Men, då måtte kommunen nesten be på knea sine, minnest Tønnessen.

Les også Ingen helligdager på «feil» ukedag i 2024

17.mai-feiring i Oslo

Ifølgje han blir det opplevd som om innstillinga til å jobbe dugnad endra seg etter pandemien. Det kan vere dugnadar som å stå i kiosk, lage leikeaktivitetar for barna eller andre aktivitetar det trengst hjelp til.

I følgje avisa Agder treng dei 800 dugnadstimar.

Kjell Ståle Hamar er styreleiar i Flekkefjord handballklubb som bidrog til dugnaden saman med andre lag i fjor.

Glenn Tønnessen til venstre og Kjell Ståle Hamar til høyre. De trenger flere til dugnad på 17.mai i Flekkefjord

Glenn Tønnessen og Kjell Ståle Hamar hadde begge hendene fulle under 17. mai-feiringa i Flekkefjord i fjor.

Foto: Lars Eie / NRK

– I fjor var det jo litt spennande om vi greidde å få det til. Vi la ned mellom åtti og hundre dugnadstimar, og vi har ikkje all verda med medlemmar heller, seier Hamar.

Satsar på nytt lag

I neste bystyre skal det veljast ein ny 17. mai-komité for den komande fireårsperioden.

Tønnessen er sjølv bystyrepolitikar og har leia denne komiteen i fire år.

– Vi treng nokon som kan brette opp ermane og skape den fantastiske feiringa vi har i Flekkefjord, seier Tønnessen.

– Ropar du ein varsku no?

– Ja, eg gjer det, for det var veldig vanskeleg å kome i mål i fjor, og vi må klare å lage ei fullskala feiring igjen, seier han.

– Ikkje berre spør dei same

Generalsekretær i organisasjonen Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, har tips til korleis ein kan få fleire med på dugnad.

– Den viktigaste årsaka til at folk ikkje gjer frivillig innsats er at dei ikkje har blitt spurde. Eg tenkjer det viktigaste vi kan gjere er å vere flinke til å spørje folk om dei vil bidra og å spørje nye folk, ikkje berre dei som har vore med tidlegare, seier han.

Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær for Frivillighet Norge.

Stian Slotterøy Johnsen meiner dugnad gir mykje tilbake til dei som står på.

Foto: Ronja Schrøder / NRK

Slotterøy Johnsen meiner at det å skape eit stort arrangement i nærmiljøet gir mykje tilbake til dei som stiller opp.

Eg kjenner ikkje til fleire døme på fleire som slit med å få til dugnad på 17.-mai. Vi veit at det var ein nedgang i den frivillige innsatsen under pandemien. No viser fleire undersøkingar at innsatsen har auka igjen og er tilbake på nivået den var før 2020. Frivillegheita og dugnadsånda lever framleis, meiner han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %