Bernt Marius Rørstad på sjukehuset saman med mor Hege Karete Hamre.
Foto: Privat

Å møte eit spøkelse

I løpet av nokre sekund endra livet seg for Bernt Marius Rørstad. Likevel var det aldri aktuelt for 24-åringen å slutte med ekstremsport.

Nummeret lyser opp mobilskjermen.

Hege Karete Hamre står på kjøkkenet i ein kvit einebustad i Volda når telefonen ringer. Klokka nærmar seg 17.00. Kalenderen viser 15. mai 2018.

Det liknar på nummeret til ein av dei største kundane i firmaet ho jobbar i, så ho svarar raskt. Dagen har så langt gått i eitt, men i denne augeblinken er det som om tida stoppar opp.

Berre nokre timar tidlegare hadde sonen, Bernt Marius Rørstad, gått ut utgangsdøra i den same bustaden.

Målet hans hadde vore like klart som det fine vårvêret; fjellet Hoven i Loen. Det ligg berre ein times køyretur unna barndomsheimen hans.

Hege Karete Hamre.

Hege Karete Hamre gløymer aldri den dagen i mai 2018.

Foto: Åge André Breivik

Jag etter fart og spenning

Omgitt av høge fjell og natur vaks Bernt Marius opp i Volda på Sunnmøre. Aktiv, kreativ og utforskande. Slik beskriv foreldra han som barn. Han likte godt å utnytte omgivnadane, spesielt på vinteren.

Ofte var han ute frå morgon til kveld, og brukte natta til å ladde opp batteria. Handball, fotball, langrenn og skiskyting. Han var innom det meste. Bernt Marius starta også tidleg å teste grenser.

– Han gav seg som regel ikkje før han fekk det til. Nokre vintrar gjekk det fleire skipar. Men uansett kva han gjorde, så skada han seg aldri. Det bikka alltid den rette vegen, fortel foreldra Oddvar Bjarne Rørstad og Hege Karete Hamre.

Bernt Marius Rørstad saman med foreldra Oddvar Bjarne Rørstad og Hege Karete Hamre.

AKTIV: Foreldra til Bernt Marius beskriv han som eit aktivt barn som alltid jakta på neste eventyr.

Foto: Åge André Breivik

Då han var yngre brukte nabodamene å klage på at Bernt Marius køyrde for fort forbi dei på sykkel.

– Heile oppveksten min har handla om fysisk aktivitet. Eg har alltid likt ting som går fort og å prøve det som ikkje alle andre gjer.

Likevel vil han ikkje kalle seg ein typisk ekstremsportutøvar. På den eine sida beskriv han seg som aktiv og med eit jag etter adrenalin, fart og spenning. Men til vanleg er han ganske roleg og sindig.

– Eg har eigentleg inga god forklaring på det. Eg er fødd slik. Eg blir ikkje stimulert av å sitte og strikke, ikkje at det er noko gale med det! Men eg må ut og kjenne at eg lever. At eg er litt utanfor komfortsona, rett og slett.

Ein ting er i alle fall sikkert, dragninga mot ekstremsport har alltid vore der.

Bernt Marius Rørstad saman med foreldra Oddvar Bjarne Rørstad og Hege Karete Hamre

Bernt Marius og foreldra har hatt mange diskusjonar rundt ekstremsportinteressa hans.

Foto: Åge André Breivik

– Ingen foreldre sitt ønske

Hausten 2017 starta Bernt Marius på ekstremsportlinja ved Voss folkehøgskule. Der blei interessa for ekstremsport tatt eit steg vidare. I tillegg fekk han kombinere dette med ein annan lidenskap, nemleg skikøyring.

Året på folkehøgskulen gav drivstoff til ekstremsportinteressa. Spesielt fallskjermhopp og speedriding fanga merksemda hans. Det sistnemnde er ein luftsport der utøvaren flyg med ein skjerm som er festa til kroppen og som dei kan styre. Som regel spring ein ut frå eit punkt i terrenget eller på fjellet.

Den auka interessa blei tatt imot med blanda kjensler frå foreldra, som på dette tidspunktet ikkje visste kva speedriding var.

– Det er jo ingen foreldre som ønskjer at barna skal starte med ekstremsport. Men vi visste samtidig at det ikkje var vits å nekte han å gjere det, han hadde bestemt seg. Så då handla det mest om å støtte han og håpe at det gjekk bra, fortel mor Hege Karete.

– Vi håpte vel eigentleg at han skulle gå lei og slutte med det ganske fort. Men ikkje på den måten sjølvsagt, held ho fram.

Bernt Marius Rørstad

Bernt Marius fortel at han alltid har likt å halde på med ekstreme ting, enten på ski eller i lufta.

Foto: privat

Kvite tennissokkar

Våren 2018 har Bernt Marius blitt ein rutinert ekstremsportutøvar, både med fallskjerm og speedriding. Han har floge frå fjellet Hoven mange gonger, så han kjenner godt til området og forholda.

Når klokka nærmar seg 15.00 denne maidagen har 21-åringen og dei andre speedriderane hatt ein fantastisk dag. Vêret og forholda er på deira side.

Rundt han er det fjell og fjordar. Utsikta er spektakulær der han står ved kanten av fjellet, 1011 meter over havet. Sola varmar han i ansiktet. Det er klart for neste flygetur.

Han tek nokre skritt bakover før han set opp farta mot kanten. Så er han i lufta. Vinden tek tak under skjermen og han kjenner oppdrifta. Adrenalinet pumpar gjennom kroppen. Han føler seg fri.

Men så går det gale. Fort.

Det er ikkje lenge han er i lufta. Kanskje berre nokre sekund. Lufta har raskt blitt meir turbulent. Skjermen kollapsar og han styrtar mot bakken med beina først.

Bernt Marius Rørstad viser korleis han flyg med speedrider.

Bernt Marius viser korleis han trefte bakken.

Foto: Åge André Breivik

Smertene kjem umiddelbart idet han treff fjellet, og når han ser nedover føtene skjøner han kvifor. Dei kvite tennissokkane har blitt farga raude. Beina har skore hol i sokkane og står rett ut.

Bernt Marius veit at han treng hjelp, men prøver likevel å halde hovudet kaldt. Vinden har starta å ta tak i skjermen og han må kople den av før han blir dradd bortover.

Han prøver å ringe etter hjelp, men får det ikkje til. Så kjem to personar springande. Panikken i stemma til ein av dei er tydeleg. Då skjøner han verkeleg alvoret.

Bernt Marius Rørstad blir frakta vekk i luftambulansa etter ulykka i mai 2018.

Bernt Marius blei etter kvart henta ut frå fjellsida i Loen og frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: BENGT FLATEN / Fjordingen

Telefonen frå Bergen

Heime i Volda blei Hege Karete overraska då ho tok telefonen. Det var ikkje kunden, som ho hadde trudd.

– Som mor så tenker du at når han held på med luftsport, så lever han eller så dør han. Det er ikkje noko mellom.

I den andre enden av linja var det ein lege ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen som snakka. – Bernt Marius hadde vore i ei ulykke og måtte opererast, fortalde han.

Etter beskjeden prøvde familien å summe seg medan tankane surra i hovudet. Dei måtte kome seg til Bergen. På dette tidspunktet visste dei ikkje kor mykje dei måtte pakke eller kor lenge dei blei vekke. Kanskje ville det bli ei veke, kanskje fleire månader.

Dei raska med seg det dei kunne og sette seg i bilen. Samtidig som sonen blei operert tok dei fatt på den seks timar lange køyreturen. Idet dei passerte ulykkesstaden, Hoven i Loen, ringde telefonen. Så fekk dei høyre Bernt Marius si stemme.

– Det var veldig godt å få den samtalen. Spesielt at han ringde sjølv, seier Oddvar.

Bernt Marius Rørstad saman med mora, faren og søstera på sjukehuset i Bergen etter ulykka.

Familien til Bernt Marius heiv seg i bilen og køyrde dei seks timane til Bergen etter ulykka.

Foto: Privat

Den tunge beskjeden

I Bergen venta tre månader med sjukehusopphald og opptrening for Bernt Marius. I den første tida var inntrykka mange og sterke. Ei blanding av smerter og håp.

Etter nokre veker kom den nedslåande beskjeden. Bernt Marius hadde gradvis hatt tid til å venne til seg tanken. Likevel var ikkje orda lettare å takle: Legane greidde ikkje å berge den eine foten.

– Eg tenkte helvete, faen. Sjølv om det ikkje kom som eit sjokk, så fall verda i grus, fortel han.

Når gjekk det verkeleg inn på deg?

– Då eg vakna etter operasjonen og foten ikkje var der lengre. Det var ein vond augneblink. Då var eg langt nede.

Bernt Marius Rørstad på sjukehuset.

Bernt Marius fekk store skader i begge beina i ulykka.

Foto: Privat

Ulykka kunne ha gjort Bernt Marius sint. Ja, til og med bitter. Men han bestemte seg tidleg for at det som skjedde ikkje skulle få knekke han.

Allereie i sjukehussenga var han klar på at han skulle drive med ekstremsport igjen. Uavhengig av kva det hadde kosta han. Han var aldri i tvil.

– Kvifor var du så sikker?

– Det er dette som gir meg glede. Kvifor skulle eg då slutte? Eg visste at eg kom til å halde på med ekstremsport på ein anna måte enn før, men det var aldri eit spørsmål om å slutte heilt.

Og samtidig sette han seg eit spesifikt mål.

Ein fot framfor den andre

Lange dagar i sjukehussenga sleit på kroppen. På eit tidspunkt hadde han gått ned 20 kilo.

I ein alder av 21 måtte Bernt Marius lære seg å gå på nytt.

Bernt Marius Rørstad på rehabilitering.

Det skulle vise seg å bli meir krevjande enn han hadde trudd.

Bernt Marius Rørstad på opptrening etter ulykka

Musklane var svekka og beina hadde ikkje blitt brukt skikkeleg på månadsvis. I tillegg måtte han lære seg å gå med ein protese.

– Å lære seg å gå igjen var kanskje det verste. Du har vore vand til å gå utan å tenke deg om, men så lystrar beina plutseleg ikkje. Det var ufatteleg fortvilande.

Støtta var viktig

Midt i den tyngste opptreninga var støtta frå venner og familie lyspunktet. Å sjå Champions League-finalen eller Paradise Hotel, ete sushi og berre «snakke skit». Det å kunne gjere vanlege ting i ein kvardag som var langt frå normal.

– Ein kan ikkje normalisere ein slik situasjon, men det hjelpte å få tankane over på andre ting. Kjensla av at folk var glad i meg og stilte opp for meg betydde mykje.

I slutten av juni 2018 fekk Bernt Marius også masa seg til ein permisjon frå sjukehusopphaldet i Bergen. Då reiste han på Ekstremsportveko på Voss saman med vennane sine. Der hadde dei leigd eit hus, og i to dagar kunne han nyte festival-livet som om alt var som før. Det einaste som var annleis var at denne gongen sat han i rullestol.

– Alle tok ufatteleg godt vare på meg, så det var ei kjempefin oppleving.

 Bernt Marius Rørstad og kameraten på sjukehuset i Bergen.

Støtta frå familie og vennar var viktig i tida etter ulykka. 

Bernt Marius Rørstad får besøk av kompisane på sjuklehuset i Bergen.

Støtta frå familie og vennar var viktig i tida etter ulykka. 

Bernt Marius Rørstad på Ekstremsportfestivalen på Voss.

Bernt Marius på Ekstremsportveko på Voss i 2018.

Brukar humor som verkemiddel

Det har sjølvsagt vore tunge tider etter ulykka. Å seie noko anna ville vere løgn. Men Bernt Marius har brukt alt han går glipp av som motivasjon for å kome seg vidare.

– Du har valet om å sette deg ned og vere bitter, eller å ta det for det som det er, og kjempe deg gjennom det.

 Bernt Marius Rørstad

For Bernt Marius har det vore viktig å bruke humor etter ulykka.

Foto: Privat

Bernt Marius har ingen problem med å bli sett på som funksjonshemma. Samtidig har det vore viktig for han å bli behandla som før. Han har sjølv opplevd at venner har synest det er vanskeleg snakke med han om skaden.

– Eg ville ikkje at folk skulle vere redd for å seie noko feil eller ikkje inkludere meg fordi dei er redd eg ikkje ville få det til. Du kan seie at eg var livredd for å ikkje få vere med på dei tinga eg var med på før.

Her har humor blitt eit verkemiddel og Bernt Marius bruker blant anna sosiale medier til å dele humoristiske klipp av sin nye kvardag.

– Om du går rundt og er usikker på deg sjølv og dine utfordringar, så skal eg love deg at andre blir det. Så det har vore viktig å ufarleggjere det for dei rundt meg.

For Bernt Marius har det vore viktig at folk ikkje behandlar han annleis fordi han har amputert ein fot. Foto: @bernt_marius på Instagram.

Ville tilbake til ulykkesstaden

Den største utfordringa Bernt Marius ville overkome etter ulykka var å flyge frå staden der det gjekk gale.

Fjellet Hoven var eit spøkelset som heimsøkte han. Kvar gong nokon snakka om plassen, eller han såg det i sosiale medier, kom tankane. Han måtte ta makta tilbake.

– Eg visste eg skulle tilbake, eg visste berre ikkje når.

Bernt Marius Rørstad trener seg opp igjen etter ulykka.

Etter ulykka måtte Bernt Marius bygge opp igjen kroppen og lære å fungere med ei protese. Styrketrening blei ein viktig del av dette.

Foto: Privat

Allereie på sjukehuset starta førebuingane. For Bernt Marius var det viktig at han både var fysisk og psykisk klar. Sakte, men sikkert begynte han å bygge seg opp igjen.

Først og fremst måtte han vere sikker på at kroppen kunne gjere jobben. Etter å ha lært seg å gå igjen, begynte han å gå på fjellet. Så måtte han lære seg å springe i ulendt terreng med protesen.

– For å kunne flyge er ein nøydd til å springe så fort at ein lettar. Eg måtte trene meg opp slik at eg var trygg på at eg ikkje ville tryne. Eg måtte vere 100 % sikker på at det ville gå.

På hausten etter ulykka tenkte han ofte på når han skulle ta steget. Så, etter å ha lagt ned arbeidet og innsatsen for at det skulle vere forsvarleg, følte han seg klar.

– Eg bestemte meg kvelden før. Det var sikkert like greitt, så hadde eg ikkje tid til å grue meg, seier Bernt Marius med eit smil.

Bernt Marius Rørstad heime i Volda.

Bernt Marius visste alltid at han skulle flyge frå fjellet Hoven igjen.

Foto: Åge André Breivik

Nervøs, men fokusert

I oktober, berre nokre månader etter ulykka står han igjen plassert på toppen av fjellet i Loen. Nervøs, men fokusert. Ikkje berre er han tilbake på ulykkesstaden, men det er også den første turen etter at han blei skadd. Når han står der strøymer minna tilbake.

I starten er det litt mykje vind. Men det er likevel ikkje snakk om å snu. I staden vel han å vente.

Så roar vinden seg. Det same gjer nervane til Bernt Marius. Alt blir overdøyvd av den indre motivasjonen.

Han har bestemt seg. Dette er dagen. Så tek han fart.

Etter nokre sekund er han i lufta. Denne gongen går det som det skal.

Det blir ei spesiell oppleving, prega av mykje frykt og samtidig mykje glede. Bernt Marius kjenner heile kjensleregisteret i løpet av minutta det tek frå han spring ut frå fjellet, til han landar trygt på bakken. Han kan pusta letta ut, han har sett frykta i kvitauget.

Idet han landar slår gleda inn for fullt. Han har overvunne frykta. Og ikkje minst, han har fått spøkelset Loen ut av verda.

Berre nokre månader etter ulykka flaug Bernt Marius igjen frå fjellet Hoven i Loen. For han var det viktig å møte overkome frykta så fort som råd. Foto: Privat.

Viktig vendepunkt

Når han i dag ser tilbake på den dagen, er han tydeleg på at det blei eit viktig vendepunkt.

For Bernt Marius var det spesielt viktig å gjennomføre flygeturen medan alt framleis var ferskt. Skulle han greie det, kunne det ikkje gå for lang tid.

– Eg måtte kome meg opp på hesten igjen. No hadde eg aldri turt å floge derifrå. Eg hadde vore livredd.

Ei tung pille å svelge

Foreldra til Bernt Marius har hatt mange tankar rundt ekstremsportinteressa til sonen etter ulykka.

Då han skulle flyge frå Hoven igjen, valde han å ikkje fortelje det til mora, med tanke på korleis ho ville reagere.

– Eg måtte ha ein kveld for meg sjølv i skogen då eg fekk vite det. Eg tenkte det var like greitt å ikkje ta det utover nokon andre, så eg tok det ut i motbakkane, seier Hege Karete.

– Vi liker det ikkje, men vi har vel ikkje så mykje vi skulle ha sagt. Og det finst sjølvsagt verre ting han kan halde på med. Alt i livet kan jo vere farleg, så ein har aldri ein garanti uansett. Folk er nødvendigvis ikkje idiotar berre fordi dei vel å halde på med noko anna enn deg, seier far Oddvar.

Bernt Marius Rørstad saman med faren Oddvar Bjarne Rørstad.

Foreldra til Bernt Marius har nokre gonger hatt det vanskeleg med å godta ekstremsportinteressa til sonen.

Foto: Åge André Breivik

24-åringen innrømmer at det er utfordrande å sjonglere omsynet til dei rundt han og ekstremsportinteressa. Det er ikkje svart-kvitt, vektlegg han.

Bernt Marius har ofte fått høyre at han er egoistisk fordi han held på med ekstremsport. At han må tenke på kor vondt det blir for dei rundt han om det skjer noko.

Sjølv meiner han det er egoistisk av andre å fortelje han kva han skal gjere for at dei skal sleppe å vere redde.

– Om eg sluttar med alt eg liker, så vil kanskje dei rundt meg sleppe å sjå at eg skader meg, men samtidig vil dei sjå ein Bernt Marius som er ulykkeleg og som lever eit liv der han ikkje gjer det han trivst med.

Speedriding har han derimot slutta med. Det gjorde han då ei nær venninne omkom i ei ulykke ved Hoven i Loen i april 2019. Same plass som han skadde seg berre eit år tidlegare.

– Då selde eg skjermen min på dagen. Då var eg ferdig. Det gav meg ikkje noko lenger.

Men fallskjermhopping gir han framleis glede. Det er også noko han føler han kan forsvare, både overfor seg sjølv og sine næraste.

– Det er vanskeleg å finne noko å samanlikne det med, men om du er i ei bilulykke, så vil du framleis vere avhengig av bil for å kome deg rundt. Du blir sjølvsagt skremt og tek forholdsreglar, men du lærer og gjer ikkje same feil igjen.

Vil opp på same nivå

24-åringen har heile tida hatt fokus på at livet skal bli så likt som før. Bernt Marius fullførte fallskjermlisensen same året som ulykka skjedde.

Han er også i gang med ein dokumentarfilm om ulykka, skilidenskapen og vegen tilbake. Det har blitt viktig for han å fortelje historia si og vise at ein framleis kan oppnå mykje, sjølv etter ei slik ulykke.

– Det har vore den største motivasjonen.

For Bernt Marius har det vore viktig å kome opp på same nivå som før.

Bernt Marius Rørstad heime i Volda.

Framleis har han mål han jobbar mot. Eitt av dei er å bli blant topp ti i noregscupen i frikøyring på ski.

Bernt Marius Rørstad

Heime hos foreldra til Bernt Marius i Volda er kjellarboda full av ski.

Som med alt anna var det også ei tilvenning å lære å stå på ski med ein protese. Her måtte han finne balansen på nytt. Men med trening har også dette blitt betre.

Bernt Marius Rørstad viser fram skia sine heime i Volda.

For Bernt Marius var det også utfordrande å lære seg å gå på ski igjen etter ulykka.

Foto: Åge André Breivik

– Eg hadde ein aktiv barndom og det har eg fått igjen for etter ulykka. Eg har hatt ein kropp som har vore vand med å vere aktiv og eg har hatt god motorikk og muskelminne.

Dei siste åra er det randonee som har stått i fokus for Bernt Marius. Det er eit alpint skiutstyr for skiløp i høgfjellet. Mange bruker det til å gå opp på fjelltoppar og så frikøyre ned igjen.

Mangel på randoneeprotese gjorde at han sjølv har vore med å utvikle ein eigen modell. Her er ein protese skrudd fast til solen på ein randoneestøvel. Dermed kan han klikke den rett ned i bindinga på skia.

Skiprotesen som Bernt Marius Rørstad bruker når han står på ski.

Protesen er skrudd fast i solen på randoneestøvelen.

Foto: Åge André Breivik

Etter litt prøving og feiling kom han og produsenten fram til ein versjon som sit godt på foten og som han føler seg trygg på. Den har gjort det mogleg for Bernt Marius å stå på ski slik han vil.

Dermed har også det som starta som eit hårete mål, blitt meir og meir realistisk. Dersom han også lukkast i noregscupen vil det vere ei stor personleg bragd.

– Då er eg tilbake der eg var før ulykka. Då køyrer eg like bra på ski med protese som eg gjorde med to bein. Eg hadde blitt utruleg stolt om eg hadde fått til det.

Bernt Marius Rørstad på ski

Bernt Marius har vore med på å utvikle ein eigen protese som han kan bruke når han står på randoneeski.

Foto: Kyrre Buxrud

Angrar

– Angrar du nokon gong på at du flaug den dagen?

– Ja, sjølvsagt. Om eg hadde fått velje, så hadde eg valt å behalde foten min. Men det er vanskeleg, for det er mykje som har skjedd etter ulykka som eg ikkje ville ha vore utan, seier Bernt Marius.

Han er likevel tydeleg på det som har prega tankegangen hans etter ulykka; Ein kan ikkje skru tilbake tida. Han prøver difor å bruke minst mogleg energi på å tenke det som skjedde.

Det er ikkje tvil om at ulykka har endra han, både fysisk og psykisk. Det praktiske har blitt meir utfordrande. Protesen må av når han skal sove, dusje eller sitte i sofaen. Ikkje greier han å springe like lenge som han gjorde.

Bernt Marius Rørstad

For Bernt Marius har det vore viktig å ikkje bruke for mykje energi på ulykka og korleis livet hadde vore om det ikkje hadde skjedd.

Foto: Åge André Breivik

Men delar av livet har også blitt betre. Sjølv meiner han den største endringa etter ulykka har skjedd i haldninga hans.

– Eg håper folk tenker at eg har blitt ein betre person. Eg føler i alle fall det sjølv. Det er kanskje det eg er mest stolt av. At eg har utvikla meg som menneske og lettare ser dei rundt meg.

For Bernt Marius var det aldri aktuelt å slutte med ekstremsport. Sjølv ikkje etter ulykka som kosta han eine foten. Han skjønner at nokre har vanskar med å forstå det.

– Det seier noko om kor mykje det gir meg og kor glad eg er i det. Mange seier at eg er sjuk i hovudet som held fram, men eg synest ein skal vere litt forsiktige med å kalle folk galne. Då bagatelliserer ein folk som faktisk er psykisk sjuke.

Hei!

Har du tips til andre saker eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post!