
Woodleg Odds forhandlar med plateselskap i USA.
Gitarist og låtskrivar Frank Willy Utgård gler seg over suksessen dei opplever for tida, og seier det lenge har vore ein draum å få spele i USA.
Ny turnè
Woodleg Odds har medlemmar frå Sykkylven, Ørsta og Volda. Gruppa er godt kjent her heime, og etter USA-turnèen i fjor har også amerikanarane oppdaga sunnmørsgruppa. Fleire musikkblad hadde fyldige artiklar om gruppa etter besøket. Presseomtalen førte dei i kontakt med Vitale CD Promotion som inviterte dei over på ein ny turnè komande haust.
Forhandlingar med fleire
Fleire plateselskap meldte etter dette si interesse. Bandet er no i forhandlingar med to ulike selskap om å gje ut plate i USA. Utgård kan ikkje seie noko om kva selskap dette er før kontrakten er underteikna, og det gjenstår framleis fleire møte.
Familie og jobb her heime gjer at medlemmane i gruppa ikkje ser seg i stand til å innfri krav om at dei skal tilbringe fleire månader i USA. Men Frank Willy Utgård har likevel tru på at dei skal komme fram til ei løysing.