Hopp til innhold

Wenaas med nyetablering

Wenaasgruppen i Måndalen etablerer seg no også innan sport og fritid.

Wenaas har teke over fire selskap innan dette forretningsområdet, skriv Åndalsnes Avis. Wenaas Sport og Fritid skal drive med produksjon, import og engrossal av klede, sko og anna utstyr.

Fire selskap

Dei fire selskapa som er blitt ein del av Wenaas Sport og Fritid AS er

  • Trygve Alm AS, leiande distributør av kjende merkevarer innan sport og fritid.
  • Alpina Norge AS, leverandør av bl. a. langrennsstøvlar og fjellstøvlar.
  • Crispi Norge AS, bl.a. kjent for telemarksstøvlar.
  • Bjørn Wold AS, som leverer sportsklede og sportssko.

Kan bli større

- Med overtakinga av desse selskapaer Wenaas Sport og Fritid oppe i ei årsomsetning på rundt 220 millionar kroner, seier dagleg leiar Jan Olav Dahle. Målet er å nå 500 millionar kroner årsomsetning innan tre år, men det kan gå fortare, og selskapet kan komme til å kjøpe opp fleire firma i same bransjen.

Sentrallager

Dersom kommunen gir klarsignal, kan Wenaas Sport og Fritid komme til å byggje eit sentrallager på Øran på Åndalsnes. Lageret skal romme dei produkta som selskapa i Wenaas Sport og Fritid forhandlar. Det kan også vere aktuelt å byggje lageret på Austlandet, men god tilgang på arbeidskraft er eit argument som talar for Rauma. På sikt kan eit slikt lager gi 15-20 arbeidsplassar, seier Lars Wenaas til Åndalsnes Avis.