Hopp til innhold

Britt er uroleg for at nye skal passe på svogeren – protesterte mot politikarane

Trass i store protestar blir Hatlane omsorgssenter i Ålesund etter alt å dømme tatt over av private. Torsdag kveld vedtok politikarane å halde fram prosessen.

en person som sitter i en stol

Britt von Løwensprung kjempar for at Hatlane omsorgssenter framleis skal vere drive kommunalt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Private aktørar tek etter alt å dømme over pass og pleie av dei nesten 60 gamle og sjuke på Hatlane omsorgssenter i Ålesund. Det bestemte kommunestyret med stort fleirtal torsdag kveld.

Dette skjer trass i sterk motstand.

– Sånn som det er i dag, er dei som bur der veldig fornøgde med dei som jobbar der, at dei kjenner dei og viser dei omsorg. Svogeren min kallar dei for «perler» seier Britt von Løwensprung.

Ho er pårørande til ein av dei som bur på Hatlane og er leiar for Ålesund og omegn Demensforening.

I forkant av møtet sende ho eit brev til politikarane der ho bad dei droppe planane om privatisering.

Det førte ikkje fram.

en gruppe mennesker som sitter i et rom med en projektorskjerm

Fleirtalet i Ålesund kommunestyre stemte torsdag for å halde fram prosessen med privatisering.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi ønskjer eit mangfald av tenester innanfor helse og eldreomsorg i Ålesund for å finne den beste mogleg måten å drive eldreomsorg på. For oss er det ikkje viktig om det er det offentlege eller private som driv, berre kvaliteten er best mogleg, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp).

en person som står på et podium

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) på talarstolen under debatten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vil spare pengar

Det handlar om pengar når politikarane no held fram prosessen for å få private aktørar til å ta over drifta av sjukeheimen i Ålesund.

Målet er å spare minst 3,6 millionar i året.

Jon Steven Hasseldal, kommunedirektør, i kommunestyremøte i Ålesund kommune.

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i Ålesund kommune.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Det er viktig å ha med seg at kommunen er i ein pressa situasjon økonomisk, og det vil vere viktig at grep som å konkurranseutsette ein institusjon, også gir økonomiske innsparingar, skriv kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i framlegget til politikarane.

Tidlegare denne veka blei det klart at kommunane får 1, 6 milliardar meir i revidert statsbudsjett. Det rokkar neppe ved planane i Ålesund.

En bygning med et skilt foran

Hatlane omsorgssenter har nesten 60 bebuarar. Drifta blir no truleg tatt over av private.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ein ny forskingsrapport viser at rundt 8 % av kommunane i landet har sleppt private til i drifta av eldreinstitusjonar.

Dette er kommunar som Austevoll, Bærum, Oslo og Bergen. I Oslo har privatiseringa skapt rabalder.

I NRK sin partiguide kan du samanlikne korleis dei ulike partia stiller seg til privatisering av eldreinstitusjonar:

Folk held skilt utanfor rådhuset i Ålesund

Fleire tilsette og fagforeiningsrepresentantar demonstrerte før kommunestyremøtet torsdag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Åtvarar mot privatisering

Det finst lite forsking på kva som skjer med kvaliteten når private tek over, men kritikarane er ikkje nådige.

Både tilsette og tillitsvalde ved Hatlane omsorgssenter er kritiske til planane, men har ikkje fått gehør. Torsdag møtte dei opp med plakatar i kommunestyresalen.

en gruppe mennesker som sitter i et rom

Tilsette møtte opp i kommunestyresalen torsdag kveld for å vise si misnøye.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Les også Mener dusjing og enkel medisinhåndtering kan gjøres av ufaglærte

Fryktar noko

Britt von Løwensprung er pårørande til ein av dei som bur på Hatlane og leiar for Ålesund og omegn Demensforening.

Torsdag ettermiddag troppa ho opp på demonstrasjonen utanfor rådhuset, og følgde så debatten i kommunestyresalen.

– Det beste som kan skje er at dei som jobbar der, dei som er pårørande og dei som bur der, får det minst like godt som dei har det i dag, seier ho.

Politikarane bestemte seg likevel for å gå vidare med prosessen.

Det er førebels ikkje klart kven som eventuelt vil ta over drifta. Etter planen vil ikkje det vere klar nokon ny drivar før tidlegast ved årsskiftet.

Retting: I første versjon sto det at Eldrerådet i Ålesund er skeptisk til konkurranseutsettinga. Det stemmer ikkje. Retta klokka 20.06.