Hopp til innhold

Trollstigen stengd ut året

For næringslivet langs den populære turistvegen er det krise. – Vi må stoppe før nokon misser livet, svarar fylkesvegsjefen.

Trollstigen

Fylkeskommunen stenger Trollstigen ut året.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Trollstigen med sine ikoniske, snirklete hårsvingar lokkar turistar frå heile verda til Møre og Romsdal kvart einaste år.

Men risikoen for at nokon kan bli treft av stein er så stor at Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt at vegen skal halde stengt. Den populære turistvegen vil ikkje opne før det er gjort sikringstiltak i fjellet.

Seks steinsprang på ti dagar

I løpet av dei ti dagane vegen var open før den blei stengd, blei det registrert seks steinnedfall. Dei siste to åra har fem køyretøy blitt trefte av stein.

– Vi har hatt så mange hendingar at det ikkje er forsvarleg å halde ope. Nå er det slik at vi berre må stoppe før nokon blir alvorleg skadde eller misser livet, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen til NRK.

Ole Jan Tønnesen på Trollstigen

Fylkesveg Ole Jan Tønnesen var hausten 2023 på toppen av Trollstigen saman med dåverande kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik og dåverande leiar av samferdsleutvalet i fylket, Kristin Sørheim. Tema den gongen var kor rasfarleg Trollstigen var.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Liv og helse kjem først

Etter at ein stein trefte ein bil på turistvegen måndag, har både Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenøren vurdert risikoen og sett på moglege tiltak. Geologar har også undersøkt området rundt turistvegen.

Ein stein trefte ein bil på Trollstigen 17. juni 2024. Bildet viser steinen som har knust ruta på bilen på passasjersida.

Ein stein ramla rett ned fjellsida og kom inn gjennom ruta på ein bil.

Foto: Veidekke

Trollstigen er ein av dei mest populære turistvegane i landet. I 2019 var det over 1,1 million besøkande på fjellovergangen som går mellom kommunane Rauma og Fjord.

Næringslivet som lever av inntekter frå turistane, har vore negative til at vegen skulle vere stengd.

Det er noko av bakgrunnen for at vi har prøvd i fleire år, og også i år, å halde denne vegen open, nettopp fordi det er så viktig for samfunnet. Men vi må rett og slett seie stopp nå, for vi er utrygge på liv og helse. Liv og helse er noko som kjem først, seier Tønnesen.

Har venta på avgjerda

Det er berre sjølve Trollstigen som vil vere stengd. Trollstigplatået vil vere tilgjengeleg frå Valldal-sida.

Edmund Meyer, som driv kafé, campingplass og er turistvert på Rauma-sida, vil truleg få færre folk på besøk. Han har venta på at avgjerda skulle bli tatt.

Det er eigentleg heilt greitt, for vi støttar fylkeskommunen sin kamp for å prøve å få midlar til rassikring av Trollstigen. I staden for av og på, er det mykje betre å stoppe. Men då må dei byrje å rassikre med ein gong, seier Meyer.

Les også Meiner staten bør betale for rassikring av nasjonale turistvegar

Trollstigen

Meiner det er full krise

På Valldal-sida tar dei det ikkje like med ro.

Dette var det verst tenkelege utfallet. Dette er dramatisk med store bokstavar, seier Gro Marita Stennes Valldal som uttaler seg på vegne av fleire bedrifter i turistbygda.

Ho seier stenginga vil få store konsekvensar, ikkje berre for i år, men også for komande turistsesongar.

Gro Marita Stennes Valldal, Fjordhagen AS

Gro Marita Stennes Valldal jobbar i næringsutviklingsselskapet Fjordhagen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Turoperatørar og andre som leverer gjestar til oss planlegg gjerne to år fram i tid. Når dei høyrer at Trollstigen er stengt og ingen kan seie når den opnar igjen, så påverkar det sjølvsagt neste års bestillingar.

Vil ha rassikring gjennom revidert nasjonalbudsjett

Fleire politikarar og nasjonal rassikringsgruppe meiner staten bør betale for rassikring av nasjonale turistvegar.

Framstegspartiet vil no fremme forslag om å forskottere utgiftene til å rassikre Trollstigen i samband med revidert nasjonalbudsjett i morgon.

Eg meiner det er naturleg at staten tar eit ansvar og sørger for at vi får sett i gang rassikringa av denne unike vegen. Dette fordi det er eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, seier leiar i Frp, Sylvi Listhaug.

Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug vil fremme eit såkalla laust forslag om Trollstigen i morgon i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.

Foto: William Jobling / NRK

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe trur ikkje det er realistisk å få fleirtal for dette.

Vi i rassikringsgruppa er glade for alle gode innspel når det gjeld rassikring, og det hadde vore veldig fint viss det fekk gjennomslag. Men det kjem litt seint. Og vi veit dette er lange prosessar, seier Randi Frisvoll.

Kalla inn til krisemøte

I Rauma er ordføraren i gang med å finne ut kva som kan gjerast. Ho har kalla inn samferdselsministeren til krisemøte neste veke.

Dette får ganske dramatiske konsekvensar både for enkeltaktørar, men òg dei store destinasjonsselskapa og det store produktet som Trollstigen er, seier Yvonne Wold.

SV-politikaren er einig i at staten må komme med pengar til rassikring.

Eller gi lovnader om at pengar kjem, slik at fylkeskommunen kan forskotere.

Det er vel for seint for denne sesongen, eller?

Det skal aldri folkevalde vurdere. Her må fagfolk og geologar vurdere kva tiltak som trengst. Og så må vi andre gi dei rammene og midlane.

Yvonne Wold meiner staten må ta ein større del av rekninga for rassikring.

Yvonne Wold meiner staten må ta ein større del av rekninga for rassikring. Bildet er tatt i fjor da ho tok imot kommunalministeren for å snakke om situasjonen i Trollstigen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK