Hopp til innhold

Meiner staten bør betale for rassikring av nasjonale turistvegar

Den nasjonale turistvegen Trollstigen er nok ein gong stengd på grunn av ras. No ber politikarar og nasjonal rassikringsgruppe staten om å ta ansvar.

Trollstigen

RASFARLEG: Den nasjonale turistvegen Trollstigen er stengd på grunn av rasfare. No tek politikarar til orde for at staten må betale for rassikringa.

Foto: Halvard Alvik / NTB

– Staten bør ta ein mykje større del av kostnadane til rassikring på nasjonale turistvegar.

Det seier Randi Frisvoll, som er leiar for Nasjonal rassikringsgruppe.

Randi Helga Walderhaug Frisvoll, Ålesund Kommunestyre

Randi Frisvoll er leiar for Nasjonal rassikringsgruppe. Dei jobbar for å trygge riks- og fylkesvegar mot ras.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Måndag dundra steinar nok ein gong nedover fjellsida ved Trollstigen i Møre og Romsdal. Ein stein som var nesten like stor som ein fotball kom inn gjennom ruta på ein bil.

Frisvoll meiner ein no må gjere meir for å trygge både Trollstigen og andre vegar mot ras, og at staten må på bana.

– Vi må bruke meir pengar på skredsikring. Det er veldig mykje meir ein kan gjere, men Møre og Romsdal fylke manglar pengar til å ha ei god nok skredsikring slik det er i dag.

Ein stein trefte ein bil på Trollstigen 17. juni 2024. Bildet viser steinen som har knust ruta på bilen på passasjersida.

Ein stein rasa nedover Trollstigen og trefte ein bil måndag. Steinen hamna i passasjersetet. Det var berre sjåfør i bilen, så ingen blei skadd.

Foto: Veidekke

Ber staten betale

Fylkesordførar Anders Riise (H) bekreftar pengemangelen. Han seier dei allereie har brukt opp pengane dei har til rassikring.

– Vi forventar at staten bidreg tyngre inn. Dette er ikkje ein dagleg veg som blir brukt elles i året. Det er ein rein turistveg, og det er i statens interesse at denne er open for å sikre verdiskapinga for reiselivsbedriftene.

Fylkesordfører Anders Riise (H) i debatten om kutt i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023.

Anders Riise frå Høgre er fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Riise meiner fylket skal ha ansvar for å sikre og halde ved like vegar innbyggarane brukar til dagleg. Men at ansvaret for nasjonale turistvegar bør leggast til staten.

– Når det gjeld nasjonale turistvegar bør staten ta eit overordna finansieringsløysing. Spesielt i den situasjonen Trollstigen er i no, bør her kome ei ekstra løyving veldig kjapt.

Fylkeskommunen bad allereie i førre veke om eit hastemøte med statsministeren, samferdselsministeren og næringsministeren for å diskutere dette.

NRK har fått bekrefta at samferdselsministeren kjem for eit møte den 26. juni.

Meiner fylket må fordele sjølve

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås, seier staten allereie gir mykje pengar til fylkeskommunane som skal brukast på rassikring. Han legg til at det også no er foreslått å gi meir pengar til vedlikehald av fylkesvegane.

Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet

Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet, gir ingen lovnader om at staten skal ta meir ansvar for turistvegane.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Kalsås meiner det er fylkeskommunen som kjenner vegane sine best. Og at dei sjølv må prioritere å sette av pengar til Trollstigen.

– Difor blir finansieringa gjort gjennom det vi kallar rammetilskot, slik at fylkeskommunen får ein pott pengar og styrer sjølv kor dei meiner det er størst behov for å bruke pengane.

Så de vil ikkje gi eit spesielt tilskot til turistvegane eller ta over ansvaret for dei?

– Den auken vi har foreslått i ny nasjonal transportplan er via rammetilskot, altså at fylkeskommunen sjølv bestemmer kor dei ønsker å bruke dei. Kor dei sjølv meiner at det er størst behov.

Trollstigen er stengt måndag 17.06.2024 grunna eit steinsprang. Bildet viser skiltet der det står at vegen er stengt.

Trollstigen blei måndag stengd heilt fram til torsdag. Fagfolk gjer undersøkingar i området, for å sjekke om det er trygt å opne vegen igjen.

Foto: Arnt Morten Olsen

Vurderer opning

Enn så lenge er det ingen trafikk i dei knappe svingane oppover fjellsida i Rauma. Trollstigen er framleis stengd etter steinspranget måndag.

Brynjulv Eide, teamleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han har på oransje T-skjorte og knall gul jakke, og har eit alvorleg blikk.

Brynjulv Eide er teamleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Geologar undersøker no området, for å sjekke om ein kan opne vegen igjen. Det vil skje tidlegast torsdag klokka 13.

Brynjulv Eide er leiar for vegdrifta i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han seier dei må vurdere om det er trygt nok å bruke turistvegen.

– Er det tilfeldig at den eine blir treft no, eller ikkje? Er det så mykje steninedfall at det kanskje ikkje er forsvarleg å ha trafikk der? Dette skjedde jo ein morgon der det var svært lite trafikk. Risikovurderinga går på om risikoen er innanfor akseptabelt nivå.

Tysk buss må snu ved bommen opp til Trollstigen, då vegen er stengd. Den store grå bussen står på tvers over den smale vegen.

Både bubilar og bussar måtte snu ved foten av Trollstigen onsdag, då dei fann ut av vegen var stengd.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Eide seier dei no prøvar å finne tiltak dei kan gjere for å sikre vegen mellombels.

– Vi har ikkje moglegheit til å gi nokon garantiar. Samtidig kan det ikkje vere sånn at det er farleg å vere i Trollstigen. Då må vi sjå om vi klarer å finne løysingar for å halde risikoen på akseptabelt nivå.