Hopp til innhold

Vil boikotte Oddekalv

Kurt Oddekalv har blitt ein raud klut for lakseeksportørar i landet. No ber dei sponsorane til Oddekalv om å trekkje seg.

Kurt Oddekalv
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Kurt Oddekalv er ingen populær mann i fiskeri- og havbruksnæringa om dagen. No har Fiskeri- og havbruksnærigens landsforening skrive brev til mjløvernforbundet sine sponsorar, for å prøve å få dei til å trekkje seg.

- Bakgrunnen for brevet er at vi ønskjer å gjere sponsorane merksame på at dei påstandane som Oddekalv har framsett er heilt grunnlause, og at det ikkje fins dokumentasjon, seier styreleiar i FHL, Ole-Eirik Lerøy.

Les også:

Påstandar om miljøgift

Nyleg gjekk han og Norges Mijøvernforbund ut og sa at norsk opprettslaks inneheld for mykje miljøgift. Det har skapt rabalder. Men Oddekalv held fast på sine påstandar, og meiner reaksjonen frå FHL seier sitt.

- Dette viser litt av seriøsiteten til oppdretterane. Dei kjenner seg tydlegvis klemt fordi dei ikkje klarer å svare på anklagene om dei miljøskadane dei gjer, seier Oddekalv.

Vil ikkje ha rettssak

Ole-Eirik Lerøy, styreleder i FHL.

Ole-Eirik Lerøy er styreleiar i FHL.

Foto: NRK

Førebels har åtte sponsorar trekt seg, etter å ha fått oppmoding om å setje seg inn i dei aktivitetane og framgangsmåtane som Oddekalv står bak. Men det er ikkje aktuelt å stemne bergenseren for retten. Styreleiar Ole-Eirik Lerøy forklarer det slik:

- Saka er av ein slik karakter at vi ikkje ønskjer å misbruke rettsapparatet med å reise sak, seier han.