NRK Meny

Vil bli flinkare å førebygge

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ønskjer å bli betre til å førebygge skader frå flaum og skred. Ei ny tilskotsordning er eitt av fleire grep NVE tek for å betre samfunnet si evne til å førebygge slike skader. Det skriv direktoratet i ei pressemelding. Frå og med i dag kan kommunar søke NVE om økonomisk støtte til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekker og bratte vassdrag fløymer over.

Barstadvik flaum
Foto: Joar Ødegaard / Politiet