Hopp til innhold

Ventar på oljefunn

Direktøren på Vestbase kunne godt tenkje seg eit positivt olje- eller gassfunn akkurat no.

Alf Dahl
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

- Det hadde passa godt, seier direktøren på Vestbase i Kristiansund, Alf Dahl.

Aktiv sommar

Sjølv om det er venta svært høg aktivitet på Vestbase i sommar, er framtida usikker. Difor meiner Dahl det er på sin plass med eit funn i Norskehavet no.

- Det hadde passa veldig bra. Timinga er god, den.

Mange leitar

Og det er mange som skal leite etter nye olje- eller gassbrønnar i Norskehavet.

- Resultata av desse undersøkingane kan sikre høg aktivitet på Vestbase, også i framtida, seier Dahl.

Særleg er det knytt spenning til Shell si boring i på Gro-feltet.

Undersøkingane her starta i januar og næmar seg avslutning.

Stort gassfunn utenfor Nordland

Treng aktivitet

Vestbase har utvikla seg til å bli eit stort industriområde og dei treng sårt eit nytt funn for å halde drifta oppe på eit like høgt nivå.

- Med den størrelsen basen er blitt, blir det viktig for oss å halde eit høgt aktivitetsnivå over tid for å halde hjula i gang.

- Kan det bli bruk for færre folk framover?

- Det vil vere ein konsekvens dersom aktivitetsnivået går ned. Det vil vi sjå an framover. Men eit nytt positivt funn vil setje optimismen i fokus igjen, seier Dahl.

Vestbase i Kristiansund
Foto: Vestbase AS

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL