Veldig nervøs debutant før Alperittet

Synnøve Sunde (25) frå Ørsta har aldri før køyrt Alperittet på Stranda. Like før start laurdag formiddag er ho mo i knea.

Alperittet synnøve sunde

Synnøve Sunde (25) til høgre prøvde laurdag formiddag ut løypa frå toppen av Roalden til Stranda sentrum. Venninna Ida-Elin Åmås til høgre har vore med før.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Med skrekkblanda fryd har Synnøve Sunde (25) og venninna Ida-Elin Åmås (24) frå Ørsta nettopp testkøyrt løypa frå fjellet Roalden (1230 m.o.h.) på Stranda og ned til sentrum. Det spesielle Alperittet har vore arrangert i 20 år, og stadig nye deltakarar kastar seg på.

- Eg er veldig nervøs. Eg ser det er ei lang løype, og at vi kjem til å få ganske stor fart. Det blir om å gjere å halde seg innafor portane og ha kontroll, seier Sunde.

Les også:

Renn i skog og på gangveg

Mange som ville prøvekøyre løypa før Alperittet laurdag

Det var mange som laurdag formiddag prøvekøyrde løypa til Alperittet, som startar klokka 12.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Alperittet blei arrangert første gong for 20 år sidan, og kjem i stand som resultat av dugnadsinnsats. Løypa på 6200 meter går frå Roaldshorn (1230 m.o.h.), ned fjellet, gjennom skogen, over dyrka mark, ned gangvegen langs Storgata og endar utanfor dørene til rådhuset og kulturhuset.

Heile rennet blir sendt direkte, og det kan du sjå via sidene til Alperittet her.

Bjarne Solbakken er med

Den tidlegare toppalpinisten og strandaren Bjarne Solbakken er med for første gong i år. Rekorden har Nils Bjarne Krohn frå Åndalsnes sikra seg. I 2008 sette han løyperekord med tida 6 minutt og 15 sekund.

Her kan du sjå frå Alperittet i 2013:

På grunn av snømangel ble det målinngang ved Stranda skisenter og ikke i Stranda sentrum i 2013.
Men sola og fint vær gav likevel folkefest.

Snømangel også i år

Snømangel har vore eit kjent problem også for arrangørane av Alperittet, og det er ikkje noko unntak i år. Fleire tonn oppsamla snø er køyrt til, for å redde rennet.

Også tidlegare har dei måtte køyre til snø:

Gjør sentrum klar for alperitt

Rennet startar klokka 12 og det blir konkurrert i både alpint, telemark og snowbord i dame- og herreklasse.

Håper å kome under ti minutt

Synnøve Sunde seier ho har eit håp om ei ok plassering, sidan det ikkje er så mange deltakarar i kvar klasse. Alt under ti minutt er greit, men ho fryktar at føret skal bli ei utfordring.

- Eg håper vi begge kjem velberga i hamn. Det er hardt og kjem til å gå fort, så det blir litt skummelt. Eg har som mål å iallefall ikkje kome på siste plass, seier ho.

Slik er forholda på Stranda før alperittet