Hopp til innhold

Vanstelte kaninar i Eide

Dyrebeskyttelsen i Eide har funne 39 kaninar som er utan tilsyn, mat og vatn. 22 av dei er stua saman i eit bur som er laga for 4.

Mattilsynet har fått melding om dette for tre veker sidan, men ingenting er gjort, seier Majken Hundhammer Tjugen i Dyrebeskyttelsen i Eide.

Klissvåte dyr

Taket på buret med dei 22 kaninane har blåse av, så det regner rett ned på dei. - Det er eit grotesk syn, seier Majken Hundhammer Tjugen. - Eg har ikkje lov til å gjere noko. Grip eg inn, blir eg straffa. Dette er Mattilsynet sitt ansvar, men det har enno ikkje gjort noko. Politiet er kontakta, og dei har oppretta sak, men kaninane står der framleis.

- Eigentleg skal Dyrebeskyttelsen samarbeide med Mattilsynet når det gjeld omplassering av dyr, men sidan Mattilsynet ikkje har engasjert seg, har ikkje det vore aktuelt, seier ho

Arbeider med saka

Mattilsynet seier at dei fekk melding om kaninane for ei vekes tid sidan og arbeider med saka. Dei har vore på staden og sett til kaninane. No har dei også funne ut kven eigaren er, og prøver å opprette kontakt. - Dette går altfor seint, seier Majken Hundhammer Tjugen.

Kjelde: Dyrebeskyttelsen Norge

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL