Hopp til innhold

Val mellom pest og kolera

Naturvernforbundet vil ikkje ha verken gasskraftverk eller kraftlinjer.

Kraftlinjer
Foto: Hans H. Bjørstad

LO forbundet Industri Energi har tatt til orde for å bygge gasskraftverk i Elnesvågen i staden for kraftlinjer mellom Ørskog og Fardal og i Hardanger.

Øystein Folden ved Svøu

Øystein Folden i Naturvernforbundet vil satse på energisparing.

Foto: Odd Sørås / NRK

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden vil ikkje ha verken det eine eller andre.

- Å velgje mellom kraftlinjer og gasskraftverk er som å velgje mellom pest og kolera, meiner Folden. Han seier det er betre å satse på energisparing.

Folden innser at linjene kan kome, men det bli i så fall dei siste, seier han.

- Viss det skulle bli bygd ei kraftlinje no, trur vi det går omlag som i Alta. Kansje taper vi akkurat slaget, men det blir i så fall den siste linja som blir bygd etter ein slik modell.

Ola Skaalvik Elvevold -leder i sentralstyret i Natur og Ungdom

Ola Skaalvik Elvevold meiner det er eit umogeleg val.

- For Natur og ungdom er dette eit umogleg val. Det seier leiar Ola Skaalvik Elvevold. Han seier dei ikkje har tatt stilling til dette valet fordi dei ikkje har godtatt utgangspunktet for det heile.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL