Hopp til innhold

Fann tre nye vikingskip på eit år – museet har ikkje plass

Fredag blei eit over 1000 år gammalt skip funne på Edøy på Nordmøre, det tredje funne på eit år. Eit nytt vikingskipsmuseum er på veg, men det er allereie fullt.

Skipet på Edøya i Smøla

Bilde frå ein georadar har gjort eit nytt vikingskipsfunn på Edøy i Møre og Romsdal. No er det gjort tre skipsfunn det siste året, men ingen veit kva som vil skje med skipa.

Foto: Manuel Gabler / NIKU

Det er funne svært få vikingskip i Noreg, men ny teknologi har no gitt tre funn på rundt eit år. I fjor haust blei eit skip funnen i Halden, mens på Borrehaugane i Vestfold blei eit anna skip oppdaga i mars. Og no eit skip på Edøy i Smøla.

Regjeringa har løyva 35 millionar kroner til oppstart av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy neste år, men det vil berre romme skipa vi allereie har, ikkje dei tre nye som er funnen.

Ola Elvestuen med Oslofjorden bak seg.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

– Kva vi gjer med dei nye funna må vi ta etter kvart som dei kjem. Her må vi ta grundige faglege vurderingar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Kan kome fleire funn

Det er georadar frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), som har gått over bakken og stadfesta skipa. Det er dyr teknologi, som stadig blir betre.

Knut Paasche, arkeolog og forsker ved Norsk institutt for kulturminneforskning på Vikingtidsmuseet

Knut Paasche er arkeolog ved Norsk institutt for kulturminneforsking.

Foto: NRK

– Dette er nærast ein revolusjon innan arkeologien. No har det blitt såpass bra at eg er sikker på at vi kjem til å få fleire funn, seier arkeolog Knut Paasche.

Han meiner det er underleg at det ikkje er oppdaga fleire skip før, fordi det har vore hundre- eller tusentals med skip på kysten av Skandinavia den gongen.

– Eg er heilt sikker på at det kjem nye funn, seier Paasche.

Kvar dei nye skipa hamnar til slutt er førebels uklart, men arkeologen slår eit slag for at andre museum kan oppbevare dei.

– Det finst så mange andre flotte museum. Viss dei verkeleg får eit skip i Møre og Romsdal, synest eg dei skal stille det ut i eit museum der, seier Paasche.

Vikingskip Edøy Smøla

Skipsfunnet på Edøy ligg rett ved skipsleia til Trondheim, der Harald Hårfagre utkjempa to sjøslag for å vinne kongemakta i Noreg på slutten av 800-talet.

Foto: Illustrasjon / NIKU

Usikkert om skipet blir grave ut

Arkeologane har funne ganske tydelege spor etter kjølen på Edøyskipet, som ser ut til å vere 13 meter langt. Anten er det eit faktisk treverk som er bevart, eller eit klart avtrykk. Totalt kan skipet vere 17–18 meter langt.

Det er opp til Riksantikvaren om skipet bør bli grave ut, slik dei er i gang med å gjere med Gjellestadskipet. Dei valde å ikkje ta sjølve skipet ut under graving tidlegare i år, men kan gjere det seinare.

Her sitter arkeologer med bit av kjølen fra Gjellestadskipet i hendene.

I september fann arkeologane kjølen på Gjellestadskipet i Halden i god stand.

Foto: Per Øyvind Fange/NRK

Knut Paasche meiner Edøyskipet bør opp av jorda før eller sidan, men fortel at det ikkje er nokon lett operasjon.

– Det er ikkje berre å grave ut eit skipsfunn som dette. Vi veit ikkje kor mykje av skipet som er bevart, og må tenke oss nøye om korleis vi skal bevare det for ettertida, seier Knut Paasche.

Kan stille ut 3D-modell

På Smøla har det vore stor entusiasme over nyheita i dag. Kulturrådgivar Laila Skaret i kommunen trur dei vil gjere ein attraksjon ut av skipet, uansett utfall.

Laila Skaret i Smøla kommune

Laila Skaret er kulturrådgivar i Smøla Kommune.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho ser for seg å lage ei digital framstilling på staden som viser korleis skipet kan ha sett ut. Det er slik dei har gjort det med mellomalderkyrkja ved sidan av, og Kulisteinen på naboøya, «dåpsattesten til Noreg».

– Vi har jobba med dette i fleire år og hatt eit syn på historieformidling at den kan bli framstilt på ein ny måte. Det kan vere like mykje oppleving i ein 3D-modell, seier Skaret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL