Hopp til innhold

Ein person omkom etter dykkerulykke i Kristiansund

Ein person blei funne livlaus i vatnet etter eit dykk ved Kvitneset i Kristiansund fredag. Personen døydde i ulykka.

Dykkarulykke i Kristiansund. Politiet er på staden.

ULYKKE: Ein person fekk livreddande førstehjelp etter ei dykkarulykke i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Like før klokka 12 fredag melde politiet i Møre og Romsdal at ein person var frakta i båt til Kristiansund etter ei dykkerulykke.

Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, fortel at dei blei varsla om ulykka av ein anna person som heldt på med dykking i området. Han var ein del av ei gruppe.

– Meldinga gjekk ut på at ein av personane i dykkargruppa var bevisstlaus. Han blei funnen livlaus i vassoverflata, fortel Ferstad.

Mannen som omkom i ulykka var ein finsk statsborgar i 60-åra. Like før klokka 22 skriv politiet at dei pårørande er varsla.

Ulukke Kristiansund

Naudetatane rykte ut til eit industriområde i Kristiansund der den skadde personen blei tatt i land.

Foto: Ronny Myrset

Starta med hjarte- og lungeredning

Etter ulykka fekk dei andre i gruppa personen opp i båten og starta umiddelbart med hjarte- og lungeredning, fortel Ferstad i politiet. Dei køyrde så i retning Kristiansund, der dei fekk personen i land.

– Der tok ambulansepersonell over det livreddande arbeidet, sa Ferstad til NRK i 12.00-tida.

Både ambulansen og luftambulansen stod klar på staden då dykkarane kom til land.

Dei involverte er utanlandske borgarar.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til ulykka.

– Vi veit førebels svært lite. Resten av gruppa blei tatt med inn til politistasjonen for å gi ei forklaring. Så får vi meir informasjon om kva som har skjedd, seier Pål Strømsholm Greger, innsatsleiar i politiet.

Pål Strømsholm Greger i politiet

Pål Strømsholm Greger, innsatsleiar i politiet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK