Hopp til innhold

Samanslåinga fører til utryggleik

– Vi veit ingenting om kva som vil skje, seier tillitsvald Knut Ivar Egset

Knut Ivar Egset

UTRYGG: Fagforeiningstillitsvald Knut Ivar Egset er ikkje trygg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei tilsette i Helse Nordmøre og Romsdal er usikre på kva helseministeren sitt påbod om samanslåing av helseføretaka i fylket vil tyde.

– Det er skapt utryggleik på kva som skjer no. Vi har sett nokre ord i media, men dette var ikkje drøfta i ein demokratisk prosess før det vart bestemt, seier Egset som er tillitsvald for dei tilsette i Fagforbundet.

– Vi må behalde roa

John Harry Kvalshaug

RO: Konst. styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal vil ha ro.

Foto: Trond Vestre / NRK

Konstituert styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, sa på dagens styremøte at han ser klart kva oppgåva til styret er.

– Det har vore mykje kjensler i spel dei siste dagane, men no må vi i styret behalde roa og gjere nyttige vedtak slik at pasientar, tilsette og omverda blir sikre på at pasientbehandling og behandling av dei tilsette blir trygg og god, seier styreleiaren.

– Skal følgje styret godt

Kvalshaug seier styret ikkje skal bruke meir tid og energi på påbodet om at dei to helseføretaka i fylket blir eitt. Det vart stadfesta i går, og det var det, seier den konstituerte styreleiaren.

- Styret har no vore klar på at alt skal skje med tryggleik for den einskilde tilsette, og vi kjem til å følgje godt med for at det skal skje, seier tillitsvald Knut Ivar Egset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL