Hopp til innhold

Ung mann funnen død etter leiteaksjon

Ein 19 år gamal mann er stadfesta omkommen etter ein leiteaksjon på Averøya på Nordmøre natt til måndag. Politiet trur det er snakk om ei ulukke.

leteaksjon Sveggen

Mange frivillige var med i søket etter den unge mannen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var den 19 år gamle Andre Lucas De Oliveira Arcenio som blei funnen død i Averøy kommune like over midnatt søndag.

Politiet har offentleggjort namnet i samråd med dei pårørande.

Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Dødsårsaka skal klarleggast gjennom ein obduksjon, melder politiet måndag.

Blei meldt sakna søndag

19-åringen blei meldt sakna ved 20-tida søndag kveld.

– Vi vart kontakta av pårørande som sakna ein gut i slutten av tenåra. Han hadde vore på ein fest på Sveggen i Averøy kommune laurdag kveld, seier operasjonsleiar, Leif Arne Mork, i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Mange var med i søket

Det blei raskt sett i gang ein leiteaksjon søndag kveld. Mannskap frå Norske Redningshundar, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, brannbåt frå Kristiansund og eit SAR Queen-helikopter var med i søket etter den unge mannen.

– Vi vedtok etter kort tid å setje i verk leiteaksjon og rundt midnatt fann vi personen vi søkte etter død. Han vart funnen i fjøra ikkje langt frå der festen hadde vore, sa operasjonsleiaren til NRK natt til måndag.

Mork fortel at politiet har starta etterforsking, men dei trur det er snakk om ei ulukke.

– Vi er i ferd med å avslutte på staden, så vil det bli vidare etterforsking for å prøve å klarleggje kva som kan ha skjedd, men hendinga verkar slik det ser ut no som ei ulukke.

Brannbåt frå Kristiansund er sett inn i søket etter ein ung mann på Averøya. Bildet viser ein båt med eit grønt lys ute på sjøen i mørket.

Brannbåt frå Kristiansund og Redningsskøyta vart sett inn i søket.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kriseteamet opnar dørene

I samband med hendinga tek Kristiansund og Averøy psykososiale kriseteam imot alle råka.

Kriseteamet opnar Grand hotell frå klokka 12.00 måndag.

Kriseteamet stiller med alle hjelpetenester, og også Røde Kors og ein prest blir til stades for dei som treng det.