NRK Meny

Ukontrollert skot

Politiet i Kristiansund veit ikkje kven som har avfyrt eit ukontrollert skot inne på politistasjonen, skriv Tidens Krav. 22. mars vart det oppdaga merker frå eit prosjektil i dørkarmen på våpenrommet, og teknikarar konkluderte med at det kan vere snakk om eit 9 mm-skot frå ein pistol. Saka vart raportert inn til Politidirektoratet, men stasjonssjef Bjørn Fiske seier til ABC-nyheter at dei ikkje har noko svar.