Tvillingar (14) vann NM-gull

Dei to tvillingane Miguel og Daniel Falcon Græsdal er uvanleg samkøyrde. I helga vann dei NM-gull for evna til å halde takta.

Miguel og Daniel Falcon Græsdal

Miguel og Daniel Falcon Græsdal er uvanleg samkøyrde.

Foto: Karen Hilde Svendsrud

Dei 14 år gamle tvillingane frå Skodje vann nemleg klassa for duettar under NM i trekkspel i Mo i Rana.

- Det var veldig artig, det hjelper på motivasjonen, seier Daniel Falcon Græsdal. Dei to brørne oppnådde 105 poeng og konkurrerte mot to andre duettar.

Starta som sjuåringar

Miguel og Daniel Falcon Græsdal frå Skodje

Miguel og Daniel Falcon Græsdal frå Skodje vann NM-gull i trekkspel.

Foto: Karen Hilde Svendsrud

Dei to tvillingbrørne Daniel og Miguel Falcon Græsdal begynte å spele trekkspel då dei var sju år gamle.

- Vi er like flinke og øver like mykje. Det blir vanlegvis ein times tid kvar dag i vekene, og eit par timar dagen i helgane, seier Daniel Falcon Græsdal.

Vil satse på musikken

Begge brørne ønskjer å satse på musikken framover, men har førebels ikkje bestemt seg.

- Medaljane vi har fått no gir oss ekstra motivasjon framfor neste års NM, seier dei to. Ingen andre i klassen spelar trekkspel, og instrumentet har tradisjonelt ikkje vore det mest populære i ungdomsmiljøa. Men det er ikkje noko problem i Skodje.

- Nei, dei andre syns det er artig at vi er så flinke, seier Miguel Falcon Græsdal.

Fleire lokale medaljar

Tvillingbrørne hevda seg også med 4. og 5. plass for solistar 12-14 år. Der oppnådde Ingrid Johanne Fylling Nupen frå Ørskog 2. plassen. I klassen over, solistar 15-17 år, fekk Oda Kvalsvik Stengberg frå Vestnes 2. plassen. Vegard Hansen frå Aure fekk 1. plassen i klassa for solistar i durspel. Gruppa Åtgaum frå Aure, Vestnes og Haram fekk 4. plassen i klassa gamaldans for blanda grupper.

Lokale utøvarar under NM i trekkspel

Daniel Falcon Græsdal, Oda Kvalsvik Stengberg, lærar Håvard Svendsrud, Ingrid Johanne Fylling Nupen og Miguel Falcon Græsdal.

Foto: Karen Hilde Svendsrud

Siste video/lyd

- Overlever eg dette skal eg lage ein stor støttekonsert til kreftavdelinga. Det sa dirigent Svein Eiksund til legane ved Volda sjukehus etter at han for halvanna år sidan fekk konstatert ein kreftsvulst på 10 centimeter. No er han frisk og har planane klare
 Landets nyeste Pusterom for kreftpasienter opna i Kristiansund i dag. Målet er å gi pasientane eit fristed frå sjukehuset - innanfor sjukehusets veggar.
Vi skal treffe ei jente som har vald å ta utdanning til eit litt uvanleg yrke. Ho er den einaste i vårt fylke i år. Ho e ei ganske tøff jente som trives best ute i det fri.