Hopp til innhold

TV2: – Pastor sikta for valdtekt av barn

Politiet har sikta ein pastor i ei menigheit i Møre og Romsdal for valdtekt av barn.

Politihuset Ålesund

I MØRE OG ROMSDAL: Politiet kan ikkje opplyse kvar i Møre og Romsdal valdtekta har skjedd. Her frå politiet i Møre og Romsdal sitt hovudkontor i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad

Det var TV2 som først meldte om saka.

Guri Falck Kristensen

Guri Falck Kristensen, politiadvokat i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Siktinga gjeld seksuell omgang med barn under 14 år.

– Det er ei grov og alvorleg sak, seier politiadvokat Guri Falck Kristensen til NRK.

Valdtekta skal ha skjedd ein stad i Møre og Romsdal tidlegare i mars.

– Mannen vart arrestert. Både vedkomande og den fornærma er avhøyrd, seier Falck Kristensen.

– Langt i etterforskinga

Politiadvokaten kan ikkje seie meir nøyaktig kvar i Møre og Romsdal valdtekta skjedde.

– Vi kom raskt i gang med bevissikring og har allereie kome langt i etterforskingsarbeidet. Sikta har erkjent dei faktiske forhold, seier Guri Falck Kristensen til TV2.

Den fornærma skal ikkje vere ein del av menigheita og er heller ikkje i familie med vedkomande, opplyser politiet.

– Valdtekta har ikkje skjedd i høve personen sin jobb som pastor, seier Guri Falck Kristensen til NRK.

Ho legg til at personen er pastor i ei lita menigheit.

Ifølgje TV2 ønskjer ikkje mannen sin forsvarar å kommentere siktinga. Forsvarar ønskjer heller ikkje å kommentere saka til NRK.

Politihuset Ålesund

Politiet i Møre og Romsdal jobbar vidare med saka. Her frå Møre og Romsdal politidistrikt sitt hovudkontor i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad

Ventar på tekniske bevis

Politiet opplyser at dei no jobbar vidare med etterforskinga.

– Det er ikkje alt som er ferdig etterforska. Vi ventar på ein del tekniske bevis. Det tek tid å analysere, seier Guri Falck Kristensen til NRK.

Den sikta er ikkje varetektsfengsla.

– Politiet vurderte det slik at det ikkje var grunnlag for å varetektsfengsle vedkomande, seier Falck Kristensen.

NRK har vore i kontakt med den fornærma personen sin bistandsadvokat. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka.