Hopp til innhold

Vil ikkje løyse inn eigedomane til Mannen-naboane

I dag har styresmaktene diskutert situasjonen for bebuarane ved det rasfarlege fjellet Mannen. Der blei det klart at staten ikkje vil bruke pengar på at bebuarane skal flytte frå heimane sine.

Mannen

Rauma kommune ynskte svar på om det er aktuelt for styresmaktene å løyse inn eigedomane til dei som bur ved det rasfarlege fjellet. Svaret var nei.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Rørslene i det rasutsette fjellpartiet ved Mannen i Rauma er berre små i forhold til ein månad sidan, då bebuarane vart evakuerte. Men dersom det kjem mykje nedbør må dei belage seg på å flytte ut av husa sine på kort varsel.

I dag var ordførar Lars Olav Hustad i Oslo i eit møte med NVE og Olje- og energiminister Tord Lien. (Frp). Eit av tema som vart tatt opp er flytting av bebuarane.

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, ved Mannen på Horgheim

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, har vore i møte med NVE og Olje- og energiministeren.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Svaret var at per dag dato er det ikkje aktuelt at staten løyser inn eigedomane, fordi overvakinga er så god, seier Hustad.

Han understrekar at det ikkje er bebuarane sjølve som har spurt om å få flytte, men at det er kommunen som ville ha svar på spørsmålet.

LES OGSÅ:

Hustad seier at dersom det blir mange evakueringar framover på grunn av rasfare, må ein vurdere tiltak frå NVE eller departementet. Han vil ikkje seie konkret kva slags tiltak som kan vere aktuelle.

– Vårt fokus er på innbyggjarane og det er kommunen sin primæroppgåve å ta vare på dei, seier Hustad.

"Dagkamera"