Hopp til innhold

Reiste eins ærend til folket under Mannen

ÅNDALSNES (NRK): Statsministeren inviterte seg sjølv til Rauma. Der møtte ho innbyggjarane som bur under det ustabile fjellet Mannen i Romsdalen.

Erna Solberg på rådhuset på Åndalsnes

STASELEG: Rauma fekk staseleg besøk laurdag. Erna Solberg møtte dei som bur under Mannen i Romsdalen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Statsministeren reiste rett frå storslått bruopning i Romsdal til dei råka som bur rett under det rasfarlege fjellet Mannen i Rauma.

Ein av dei er Gunn Sogge. Ho har måtta reist frå heimen sin dei gongane Mannen har rørt på seg ekstra mykje.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) inviterte seg sjølv til Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

På rådhuset på Åndalsnes, berre knappe kvarteret unna det berømte fjellet, fekk Solberg møte nesten alle som har vore råka. Ho fekk høyre korleis dei råka har opplevd å blitt evakuert.

– Eg forstår at det er utruleg vanskeleg med uvissa og ventinga. Det er ei tøff oppleving, og det har eg veldig stor respekt for.

– Eg trur det hadde vore bra for alle om skredet kom raskt. Då hadde ventinga vore over, seier statsministeren.

Usikker framtid

Statsministeren inviterte seg sjølv. Det var innbyggjarane glade for.

Gunn Sogge

Gunn Sogge er ein av dei som bur like under Mannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det var veldig hyggeleg. Vi snakka om busituasjonen vår, og korleis vi føler på det. Uvissa, fortel Sogge etter møtet.

No håper ho at skredet snart kjem.

– Vi ønskjer at det skal rase slik at vi kan få bu der vidare.

Sogge fortel at dei heile tida har fått god hjelp av kommunen. Det gjer at kvardagen blir enklare.

– Vi er veldig trygge på overvakinga, men vi må leve med uvissa. Den kunne eg ønskje at eg slapp, seier ho.

Med falkeblikk

Erna Solberg sitter ved enden av bordet når hun er på besøk på rådhuset på Åndalsnes

Erna Solberg sat rundt bordet saman med dei råka og ordførar Lars Olav Hustad.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fjellet Mannen har vore overvaka sidan 2009. Hausten 2014 observerte geologane ei auke i bevegelsane i eitt parti av det rasfarlege fjellet. I slutten av oktober 2014 blei fleire hus evakuerte og trafikken på Raumabanen innstilt. I ein kort regnvêrsperiode hausten 2015 blei det også målt store bevegelsar og innbyggjarane blei på nytt evakuerte.

Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad, fortalde at han sette stor pris på statsministerbesøket, og at ho viste stor forståing for situasjonen dei er i.

Solberg vil ikkje tenkje på kor mykje det kostar å vere i beredskap for fjellet. Ho meiner det er viktigare å tenkje på konsekvensane som kjem når fjellet rasar.

– Beredskap, og det å vere sikker på at vi kan redde liv er ei viktig prioritering, seier statsministeren.

"Dagkamera"

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL