Hopp til innhold

Tungt sakn

- Saknet etter dei som ikkje kom seg ut er tungt. Alle kjende alle i Fjelltunveien 31. Det gjer saknet ekstra tung.

Oluf Holm

Oluf Holm, styreformann i sameiget Fjelltunveien 31.

Foto: Terje Reite / NRK

Det seier Oluf Holm, styreformann i sameiget Fjelltunveien 31. Han er tydeleg prega av det som skjedde i Ålesund i natt.

Uverkeleg

- Etter ei slik hending, som er uverkeleg på mange måtar, er saknet tungt, seier Oluf Holm. Han fortel at han kjende alle som budde i blokka. Dette gjer det ekstra tungt på ein dag som denne, seier han. Alle kjende alle. Vi flytta inn samstundes, i februar 2004, for dei fleste sitt vedkomande. Vi har hatt dugnader saman, styremøte og så vidare, så alle kjende kvarandre godt.

Bråvakna av eit smell

- Blokka rista voldsomt. Ting begynte å falle ned frå veggane, kommodar velta. Då lurar ein ikkje på om ein skal gå ut eller ikkje. Då handlar det berre om å kome seg ut så fort som mogleg.

Såg rett i steinveggen

- Eg tenkte at slik er sikkert eit forferdeleg kraftig jordskjelv. Men eg skjønte at eit jordskjelv var dette ikkje. Det skjønte eg også då eg såg at naud-døra var vekk, og eg såg rett inn i ein steinvegg. Då skjønte eg at det var fjellet som hadde falle ned.

Armert

Holm fortel at fjellet bak bustadblokka var armert med jern. Jernet var bora inn i fjellet, og det har vore geologiske undersøkingar på staden. - Vi har ikkje følt oss utrygge her, seier Holm. Det har kanskje ramla ein og annan liten stein frå skjeringa, men det er ikkje meir enn kva ein må forvente. Dette her var heilt uventa.

Kom seg ut

- Vi var heldige, og fekk opp altandøra. Politiet kom til staden, og dei reiste ein stige og slik fekk vi oss ut. Vi fekk med oss mobiltelefon, lommebok, nøklar til bilen av alle ting. Det var ikkje snakk om stort meir enn å kle på seg og kome seg ut.

Evakuerte

- Først fekk vi husly hos naboar. Deretter hadde vi ein tur til Ålesund sjukehus, men vi var jo i god form. Deretter vart vi innlosjerte på Rica Parken Hotell. Beredskapen har fungert etter mitt skjøn. Eg ser ikkje kva som kunne ha vore gjort betre. Det er brukt store ressursar, det har vore god kontroll på kor mange folk vi var og vi har blitt tekne god han om heile vegen.

Gasstanken skadd

Holm fortel at tanken med propangass er sikra med tryggingsventilar. Dersom det skulle oppstå feil, skal ventilane stengast automatisk. - Når det no strøymer ut gass, må det bety at sjølve tanken er skadd av bygningsmassen, seier Holm. Alle leiligheitene hadde gasspeis.

Framover

Holm fortel at dei no blir buande ei stund på Rica Parken Hotell. - Men dei fleste av oss er Ålesundarar og i alle fall Sunnmøringar, og for mange blir det nok å ta inn hos slekt og vener.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL