NRK Meny

Trusselsituasjon i Sunndal

Væpna politipatruljar frå Molde og Kristiansund er på veg til Sunndalsøra der ein person har trua ein annan. Det er fleire personar i huset, opplyser politiet. Dei kan førebels ikkje seie kor mange eller kva truslane inneber. Politiet frå Sunndal er allereie på staden. Vedkomande som trua skal ha kniv, men ingen skal vere skadde.