Hopp til innhold

Trur på camping-bølgje

Fattige nordmenn kjem til å pakke teltet når dei skal på sommarferie i år. Det spår Jan Dale, som driv Solnørvika Fritid i Skodje. Han trur pengemangel får konsekvensar for ferien.

Super Rally 2006, Harley-Davidson treff på Vinstra.
Foto: Rune Støstad / NRK

Jan Dale driv Solnørvika Fritid i Skodje

Jan Dale driv Solnørvika Fritid i Skodje.

Foto: Malin Kjellstadli Kornes / NRK

Campingplassdriver Jan Dale ved Solnørvika Fritid i Skodje tror flere vil dra på campingferie i år, for å få en billigere ferie.

- Eg trur mange som har dårleg råd likevel vil på ferie. Då vil dei truleg velje eit rimelgare alternativ enn dei har gjort før. Eg håper det kjem til å gje utslag for oss, seier Dale. Han ser for seg ein armada av telt også i Skodje i sommar.

Fleire på camping

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at fleire valde å overnatte på campingplass i fjor enn året før. Også Norsk Caravanklubb registrerer at fleire vender tilbake til det enkle ferielivet og ønskjer å kjøpe brukte bubilar og campingvogner.

"Halv sydentur"

Gunn og Arne Eidstø

Gunn og Arne Eidstø frå Giske prisar campinglivet.

Foto: Malin Kjellstadli Kornes / NRK

Ekteparet Gunn og Arne Eidstø frå Godøya i Giske kommune har campingvogna si ståande fast på Skodje. I påska slappar dei av, søv og høyrer på radio, og ingenting overgår campinglivet, meiner dei. Rimeleg er det også. For å få ha campingvogna ståande må dei ut med ei årsavgift:

- Det er likevel så billig at det ikkje tilsvarer meir enn ein halv sydentur, så dette kan dei fleste klare, seier Gunn Eidstø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL