Hopp til innhold

Trudde mørke skyar var brann

Naudetatane i Kristiansund rykte etter melding om brann. Det viste seg berre å vere mørke skyar.

Både brannvesenet og politiet rykte ut då dei fekk melding om at det kunne vere brann i terrenget på Storbakken i Kristiansund.

– Vi har ikkje funne nokon brann. Det vart antyda at det kunne vere skyene som likna på røyk. At skyene har vore i bevegelse og at dette har blitt observert gjennom skog og tretoppar. Det kan vere ei mogleg forklaring, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen.

Vert de irritert når folk tar feil av skyar og røyk?

– Når folk trur det er røykutvikling, er det riktig å ringe oss, seier Sivertsen.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL