Hopp til innhold

Truar med å stoppe filming - klagar på uro frå lokalbefolkninga

Produsent Jarle Tangen i Loopfilm truar med å stoppe reklamefilming på Nordmøre etter å ha blitt forstyrra under hemmelege opptak.

Jarle Tangen

Jarle Tangen i Loopfilm er oppgitt etter å ha filma på Nordmøre i fleire veker i vår. Han meiner nærgåande lokalbefolkning øydelegg både for han og lokalsamfunnet.

Foto: privat

Den erfarne filmprodusenten Jarle Tangen har laga mange reklamefilmar frå Møre og Romsdal dei siste åra, og var også involvert i den norske spelefilmen Ex Machina, der deler av opptaka blei gjort i Valldal.

Men denne gongen reiste han trist heim etter opptak ved Atlanterhavsvegen og Gjemnes. Han hevdar nærgåande lokalbefolkning skal ha forkludra dei hemmelege opptaka for eit amerikansk forsikringsselskap.

– Vi har hatt to heilt konkrete episodar som har kosta oss masse overtidstimar og pengar. Du kan tenkje deg når 80 menneske står og sparkar stein i eit par timar medan vi ventar på at nokon skal gå vekk av seg sjølv, sukkar Tangen oppgitt.

Fryktar området får dårleg rykte

Oppslag i Tidens Krav om filminnspelinga

Jarle Tangen likte dårleg at det blei filma med drone rett over hovudet på dei, og hevdar dette skremmer vekk potensielle kundar.

Foto: Skjermdump

Tangen og filmteamet hans har tidlegare laga reklamefilmar for bilar som Ford, Ferrari, Porsche og Alfa Romeo, og har stort sett opplevd å vere uforstyrra. Men denne gongen blei det annleis.

Tangen reagerte kraftig på at Bjørn Ove Angvik, som har campingvogn i området, fotograferte under dei hemmelege opptaka. Han likte også svært dårleg at ein annan filma frå filmopptaka med drone – og at bilda deretter blei publisert i Tidens Krav.

– Slikt er frykteleg øydeleggjande, for då misser ein ryktet som ein hyggeleg stad å filme og så blir det færre filmjobbar i området. Det betyr færre overnattingar, færre jobbar for dei som hjelper oss og mindre reklame for regionen på tv over heile verda, seier Tangen.

Ber dei heller dra til Sahara

Bjørn Ove Angvik

Bjørn Ove Angvik meiner Loopfilm bør dra andre stader om dei ikkje ønskjer publisitet rundt ein hemmeleg bil.

Foto: privat

Bjørn Ove Angvik, som driv den lokale nettstaden brunsvika.net seier det er veldig synd om Loopfilm ikkje vil kome tilbake til området, men meiner dei ikkje kan rekne med å vere i fred på den nasjonale turistvegen Atlanterhavsvegen.

– Då må dei heller til Rovaniemi, Nordkalotten eller Sahara, dersom dei vil gøyme ein bil, seier han.

Ifølgje han tok han tre bilde, som ikkje avslørte noko vesentleg frå den hemmelege filminnspelinga.

Truar med å finne nye stader å filme

Tangen seier dei no ser etter nye stader å filme, for å unngå problema han no har opplevd.

– Det er ikkje vanskeleg å øydeleggje for oss, det kan i grunn kven som helst klare. Men det frykteleg, frykteleg trist for dei som er avhengig av turismen, Og veldig korttenkt av dei som gjer det.

Pressekontakt Per Ritzler i Nasjonale turistveger ønskjer ikkje å seie kva han syns om at Loopfilm no ser seg om etter andre stader å filme.

Marknadssjef Torunn Dyrkorn i Visit Nordvest seier ho skjønar at produsenten blir irritert, og stadfestar at slike reklamefilmar er av uvurderleg verdi for heile regionen. Ho seier samstundes det er lite dei kan gjere med dette.

Fredag blei det kjent at den planlagde Top Gear-filminga ved Atlanterhavsvegen er avlyst, men ingen kan stadfeste om det har samanheng med problema som Tangen skildrar.

Frå ei tidlegare filminnspeling

Den erfarne filmprodusenten anslår at han har filma i Møre og Romsdal over 100 gongar dei siste åra. No truar han med å reise andre stader på grunn av uro frå lokalbefolkninga.

Foto: Loopfilm

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL