Hopp til innhold

Tresfjordbru framfor Lerstadveg

Ordføraren i Vestnes, Øyvind Uren, krev at Tresfjordbrua og strekninga Måndalen-Våge, vert prioritert før Lerstadvegen dersom bystyret i Ålesund seier nei til bompengar.

Lerstadvegen - Ålesund
Foto: Rune A. Hansen / NRK

Ordføraren i Vestnes Øyvind Uren(Ap)
Foto: Trond Vestre / NRK

Eit fleirtal i bystyret er samde om at dei ikkje vil ha bompengefinansiering i Ålesund kommune, og dermed kan ikkje heile E-136 leggast fram som samla pakke.

Ordførar i Skodje, Modolf Hareide, støttar kravet frå Uren og seier fleirtalet i bystyret i Ålesund nedprioriterer Lerstadvegen ved å seie nei til bompengar.

Bystyret i Ålesund skal drøfte finansiering av Lerstadvegen på sitt bystyrmøte i februar.

(NRK)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL