Hopp til innhold

Trenar morgondagens stjerner

Ole Gunnar Solskjær trenar morgendagens stjerner i Kristiansund. Han held fotballskule for sjuande gong.

Solskjær fotballskule
Foto: Thomas Thomasen / NRK

Det er dei beste 14-åringane fotball-Noreg har å by på. I dag starta dei arbeidet med å verte enno betre - på Ole Gunnar Solskjær sin fotballskule i Kristiansund.

Vil ha bilete av Solskjær

Litt oppspilt, men med full fokus når det kommer til det som er viktig i dag. Desse jentene er fem av 50 14-åringar, som er plukka ut frå klubbar over

Jentene varmar opp til Solskjærs fotballskule
Foto: Thomas Thomasen / NRK

heile landet for å vere med på fotballskulen til Ole Gunnar Solskjær.

Dei er alle einige om kva Solskjær kan hjelpe dei med.

- Han kan seie kva vi er dårlege til og kva vi er gode til, og så kan vi øve på det. Så blir vi betre.

Therese Aasland
Foto: Thomas Thomasen / NRK

Therese Aasland frå Viking fotballklubb er ein av dei heldige som er plukka ut til å vere med på fotballskulen. Ho veit akkurat kva ho skal gjere når ho treff Solskjær.

- Ta bilete med han!

Utviklar talent

På andre sida av byen arbeider det store forbildet for at alt skal vere klart til morgondagens fotballstjerner møter opp.

- Det er eit par av dei som har vore med på fotballskulen som har endt opp i

Ole Gunnar Solskjær
Foto: Thomas Thomasen / NRK

Manchester United. Og det er i alle fall 4-5 spelarar eg kjenner att frå dei første åra, som spelar i Tippeligaen no. Det er artig å sjå, seier Solskjær.

Det er det sjuande året Solskjær, fotballforbundet og Statoil Hydro arrangerer fotballskulen. Heile vegen med same filosofi.

- Eg vil ha dei som har den beste haldninga og som har eit potensiale. Det gjer ingenting om ein er minst i klassen eller minst på laget. Det er ikkje før om 5-6 år ein ser sluttproduktet av desse fotballspelarane.