NRK Meny

Traktoraksjonistar

Bondelaget i fylket held fram med sine protestaksjonar mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane i dag. Det blir traktorkolonner i Ålesund, Molde og Kristiansund. I Ålesund skal bønder frå Sunnmøre møtast på Moa klokka 12, i Molde skal romsdalsbønder fylkast ved innkøyringa til Fannefjordtunnelen kl 13. Nordmørsbøndene møtast ved kjøpesenteret Futura klokka 11.