Hopp til innhold

Trafikkulykke på Stette

Ein person er sendt til sjukehus med ukjent skadeomfang etter ei trafikkulykke på Stette i Skodje.

Trafikkulykke på Stette

Ulykka skjedde i krysset på Stette.

Foto: Kristoffer Antonsen

Politiet fekk melding om ulykka like før klokka 10. Det er berre ein bil som er involvert, med ein person i.

Føraren av bilen er sendt til sjukehus. Skadeomfanget er ukjent, opplyser politiet på twitter. Det er svært glatt på staden og vegvesenet er varsla.

Ulykka skjedde i Stettekrysset på fylkesveg 661. Trafikken går som normalt.

Stette

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL