Hopp til innhold

Tok tredjeplass i sesongdebut

Landslagshopparen Johan Remen Evensen frå Molde tok tredjeplass i dei norske hopparane sin sesongdebut i Vikersund i helga.

Johan Remen Evensen

Landslagshopparen Johan Remen Evensen frå Molde trur det vert ein spanande sesong.

Foto: Schrader / Scanpix/AP

Sjølv med 16 poeng bak vinnaren, Bjørn Einar Romøren, er Johan Remen Evensen klar for verdscupopninga i Kuusamo i Finland om ei veke.

– Eg er jamt over nøgd med hoppinga laurdag. Det første hoppet var ikkje heilt der eg ville det skulle vere, men hopp nummer to gjekk mykje bedre. Eg trur heile landslaget presterer jamt godt no, og det er veldig gøy for alle, seier Remen Evensen til NRK.

Sjå også:

Mykje å sjå fram til

Landslagshopparen trur dette vert ein spanande sesong, med både opning av verdas største hoppbakke i Vikersund og Ski-VM i Oslo i slutten av februar og i byrjinga av mars.

Johan Remen Evensen

- Med 40 renn framføre oss, er det viktig å halde fokus, meiner Remen Evensen.

Foto: PETER ANDREWS / REUTERS

– Er det noko du skal trene ekstra på no veka før verdscupopninga?

– Ikkje noko spesielt. Vi gjorde nokre endringar tidlegare i sommar, og vi føler at det har gitt resultat. So no er det berre å køyre på, meiner landslagshopparen.

Annleis på fleire måtar

Han trur den største sportslege utfordringa vert å halde oppe "trøkket" gjennom 40 renn. Personleg sett vert det ein annleis hoppsesong på mange måtar.

– Eg har akkurat vorte pappa. Så å ha ein liten ein heime og det saknet etter å kome heim til han, det vert nok den største utfordringa for meg i år, fortel Johan Remen Evensen.