Hopp til innhold

– Det er ingen skippertak som har lukkast med å få ned mobbetal

I heile landet har kampanjen «Vaksne skaper vennskap» vore tema. Regjeringa vil mobbinga til livs. – Det er eit kontinuerleg arbeid, seier kunnskapsministeren.

Kristin Halvorsen i barnehage

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner kampen mot mobbing er ein kontinuerleg kamp.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Voksne Skaper vennskap

«Vaksne skaper vennskap» er tema for årets antimobbekampanje.

Foto: Regjeringen

– Barn og ungdom må vite at ting skjer. Dei må vite at dei vaksne tek ansvar.

Det seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Denne veka har ho vore rundt i Noreg og fronta regjeringa sin plan mot mobbing. Årets tema er «Vaksne skaper vennskap».

I 2002 gjekk Kjell Magne Bondevik og den dåverande regjeringa inn for «Manifest mot mobbing». Sidan då har det vore årlege kampanjar.

– Det er det systematiske arbeidet som blir gjort kvar dag som hjelp.

– Det er ingen skippertak som har lukkast med å få ned mobbetal, meiner Halvorsen.

Vaksne må vite kva som skal gjerast

Observante vaksne er eit gjennomgangstema i årets kampanje.

– Dei vaksne må vite kva dei skal gjere dersom nokon blir mobba eller ekskluderte.

– Ein må setje i gong tiltak med éin einaste gong. Ein må kontakte foreldre til både den som blir mobba og til den som mobbar, slik at ein finn ei løysing, seier Halvorsen.

– Kan ikkje vedta mobbeslutt

Kampanjen har blitt fronta i alle fylke. Fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm, ser viktigheita.

Lodve Solholm

Lodve Solholm, fylkesmann i Møre og Romsdal, er klar på at kampanjar mot mobbing er svært viktig.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

– Vi må faktisk endre haldning kvar einaste ein av oss, både unge og vaksne. Arbeidet mot mobbing er kontinuerleg, og det må skje kvar dag, kvar time og kvart einaste friminutt. Det må skje på fotball- og handballtrening og på idrettsarrangement.

– Det går ikkje an å berre vedta at vi skal slutte med mobbing, slår fylkesmannen fast.

Solholm har éi veldig klår oppfordring til alle som jobbar med barn og unge.

– Ver medmenneske, bry dykk om kvarandre, og skap eit godt læringsmiljø der trivselen står i høgsetet.