Hopp til innhold

Feil gjorde at vegen vart for smal: – Ein glipp i prosjekteringa, seier byggeleiar

Feil i planlegginga gjorde at svingane ved Røv Bru i Surnadal vart for smale. No blir det skilta med smal veg fram til feilen er retta opp.

Fylkesveg 65 ved Røv Bru i Surnadal.

Fylkesveg 65 ved Røv Bru i Surnadal. Prosjektet skal vere ferdig åttande september.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Dei to svingane ved Røv bru i Surnadal vart smalare enn planlagt under arbeidet med utbetring av fylkesveg 65. No må fylkeskommunen gjere ekstra arbeid for å rette opp feilen.

– Det har oppstått ein liten glipp i prosjekteringa, seier Andreas Bergby, byggjeleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han opplyser at detaljane rundt feilen framleis er ukjende.

Feilen vart oppdaga etter tilbakemelding frå brukarar av vegen og grunneigarar. Etter synfaring og ein del kontrollmålingar, har fylkeskommunen konkludert med at vegen er for smal.

Vogntog på 25 meter

Fylkesveg 65 har akkurat fått løyve for modulvogntog, altså dei lengste vogntoga på inntil 25 meter. Slik som vegen er no, er han for smal for desse køyretøya.

– Tilhengjarane treng endå meir plass i ein sving, seier han.

Fylkeskommunen ser no på løysingar på korleis dei kan gjere svingane breiare, men arbeidet byrjar ikkje før ferien er over om tre veker.

– Då får vi landa både tid og økonomi, seier Bergby.

Det blir skilta med smal veg fram til feilen er fiksa.

Ikkje ekstra pengar

Prosjektet skal vere ferdig åttande september, og det er usikkert om feilen vil påverke datoen. Slik som det er no, trur ikkje byggjeleiaren at feilen vil gå utover økonomien til prosjektet.

– Det blir jo ekstra utgifter, men ut frå løyvde rammer, må vi ikkje be om ekstra pengar, fortel han.