Hopp til innhold

– Morsmålet er viktig for identiteten

Dei Nynorske Festspela gjekk i dag av stabelen og festivalen varer ut helga. Temaet i år er morsmål. – Ein viktig del av identiteten vår, meiner festspeldiktar Ruth Lillegraven.

Ruth Lillegraven

Dialekta mi er viktig for identiteten min, seier festspeldiktar, Ruth Lillegraven

Foto: Privat

Dei Nynorske Festspela har sidan 1992 vore ei årleg mønstring av nynorsk kultur. Festivalen vert arrangert i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Sjølv om det er nynorsken som står i sentrum, er temaet for festivalhelga alle typer morsmål.

– Eg er glad for at det er så naturleg at vi alle kan bruke morsmålet og dialekta vår, også folk frå andre land. Språket er ein viktig del av kven ein er, seier festspeldiktar, Ruth Lillegraven.

Inspirert av Olav Hauge

Lillegraven er ein av fleire gjestar som skal besøke årets festival. Ho fortel at ho skal halde eit poetisk mini-foredrag om diktaren Olav Hauge.

– Eg kjem i frå Granvin, som er nabobygda til Ulvik, heimstaden til Hauge. Eg har difor alltid hatt eit nært og kjært forhold til hans dikt. Han er ein fantastisk diktar, seier ho og fortel at ho kjenner seg igjen i landskapet han skriv ifrå.

– Olav Hauge var ein fruktdyrkar, noko som ein kan sjå spor av i dikta og dagbøkene hans. Eg kjem sjølv frå ein fruktgard, forklarar Lillegraven.

Ekstra mykje program for borna

Programansvarleg for Dei nynorske festspela og kulturprogram i Ivar Aasen-tunet, Nynorsk kultursentrum. 23. mai 2016. Foto Anders Aanes / Ivar Aasen-tunet

Programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe er glad for at det er stor førehandsinteresse for festivalen i år.

Foto: Anders Aanes

Lillegraven er ein av mange deltakarar som vil vere å sjå på scena eller på festspelområdet i løpet av helga. I tillegg har 40-50 frivillige stilt opp for å hjelpe til med rigging og det som trengs av førebuingar.

– I dag har vi det travelt, men det vert veldig spennande når publikum byrjar å kome og når alle utøvarane er på plass, seier programansvarleg, Åshild Widerøe.

Det vil vere både foredrag, samtalar og ymse som omhandlar temaet morsmål. I år er det stor førehandsinteresse for festivalen.

Har de noko spennande på programmet i år?

– Ja, absolutt. Vi har fleire store konsertar, spennande gjestar og i år er det ekstra mykje program for born.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL