Hopp til innhold

Denne 90-åringen har skrive om norsk litteraturhistorie

Den snart 91 år gamle Jostein Fet har klart å forkaste det historikarane trudde var sikker kunnskap.

Jostein Fet ved Ivar Aasen-huset i Ørsta

Her er Josten Fet (90) i full gang med å signere bøker til interesserte gjestar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Den nye boka til Fet understrekar nok ein gong at bøndene hadde langt større skrive- og lesekunnskapar enn historia tidlegare har slått fast. Bøndene var ikkje analfabetar, men kunne å lese og skrive få midten av 1500-talet.

– Han har på eiga hand klart å endre norsk historieskriving, seier Ottar Grepstad, direktør i Norsk Kultursentrum.

Ottar grepstad

Direktør i Norsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, er imponert av Jostein Fet.

Foto: Privat

Grepstad seier at Fet har flytta gamle teoriar om når folk lærte seg å lese og skrive fleire hundre år tilbake i tid. Dette forandrar ikkje historia berre på Sunnmøre – men også i Europa.

– Det vi trudde var sikker kunnskap. No ser vi at den sunnmørske fiskarbonden brukte pengar på bøker då det gjekk godt. Det seier noko om kor viktig boka var, seier språkeksperten.

Enormt arbeid

Den gløymde litteraturen av Jostein Fet

«Den gløymde litteraturen» er omtale og portrett av 609 bøker.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Fet lanserte laurdag si foreløpige siste bok under det Dei nynorske festspela. Trass i det fantastiske vêret var Ivar Aasen-tunet i Ørsta fullpakka av folk som ville høyre Fet snakke om litteraturhistorie.

«Den gløymde litteraturen» er historia til bøker som har vore på Sunnmøre alt frå midten av 1500-talet og fram til moderne tid. Han har følgt spora til meir enn 600 bøker og kartlagt korleis dei har skifta eigar opp gjennom åra.

Her viser han på nytt at vanlege folk hadde lese- og skrivekunnskapar lenge før ein tidlegare har trudd. Dei siste 20 åra har han gitt ut fem store bøker om lese – og skrivekunnskapen hos vanlege folk på Nordvestlandet.

I 1995 kom storverket «Lesande bønder». Der prova han at vanlege folk kunne å lese fleire hundre år tidlegare enn forskinga hadde sagt. Han flytta nye merkesteinar i kulturhistoria då han i 2004 vidareførte arbeidet i boka «Skrivande bønder» som også endra kulturhistoria. No slår han altså til på nytt med kulturforsking som vekker oppsikt.

– Bøker gjorde at folk hadde tilgang på andre sine tankar, og folk var difor tidlegare opplyste enn det vi har trudd, seier Grepstad.

– Kanskje arrogant å seie ...

Jostein Fet

Jostein Fet (90) seier at han ikkje legg frå seg skrivinga endå – men fleire bøker blir det nok ikkje.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Forskinga til 90-åringen beviser at folk var meir samfunnsorienterte og kunnskapsrike enn det historia seier. Det er berre litt over eit år sidan Fet gav ut ei bok alle trudde var den siste.

– Då eg var ferdig med den boka tok det ikkje lange tida før eg kom fram til at eg måtte skrive ei ny. Dette stoffet er det ingen andre enn eg som kan fullføre. Det er kanskje arrogant å seie, men det er ingen andre som har denne kunnskapen om bøkene, seier Fet.

No seier han at «Den gløymde litteraturen» er hans siste bok.

– Det sa du i fjor også?

– Vel, eg har skrive i fleire mannsaldrar, og eg kan aldri legge frå meg skrivinga heilt. Det er det heller ikkje lurt å gjere. Men eg må få tid til å utføre dei daglege praktiske gjeremåla også, seier han og legg til at i tida framover vil leite fram igjen skjønnlitterære bøker han ikkje har fått lest dei siste åra.

Ressurssterk 90-åring

Sverre Tusvik i Det norske samlaget

Sverre Tusvik i Det Norske Samlaget seier at det er ei ære å få gi ut boka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Boka blei ferdig på under eit år. Sverre Tusvik i Samlaget, som har gitt ut boka, skildrar forfattaren som ressurssterk og audmjuk med eit ope sinn.

– Han har ei open haldning til kva som har forma livssyn og forteljingar opp gjennom tida. Han er eit renessansemenneske som no har flytta stolpar i vår eiga kulturhistorie, seier Tusvik som er stolt over å ha fått gitt ut boka hans.