Hopp til innhold

Streik stoppar flyavgangar

Vektarstreiken gjer at fleire avgangar ver Molde lufthamn Årø blir innstilte i helga.

SAS-fly letter fra årø

Fleire avgangar blir innstilte på Årø frå laurdag.

Foto: NRK

Frå laurdag morgon klokka 8 og heile søndag vil det ikkje vere mogleg å avvikle utgåande trafikk.

John Offenberg

John Offenberg, lufthamnsjef ved Årø i Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

– Etter dei to første avgangane laurdag morgon blir det ikkje mogleg å avvikle flygingar på laurdag og sannsynlegvis ikkje på søndag, seier lufthamnsjef på Årø i Molde, John Offenberg.

To avgangar som normalt laurdag

Frå Årø går avgangen til Kreta laurdag morgon som normalt. Det er også Norwegian-ruta til Oslo klokka 7.35. Etter dette er streiken effektiv.

– Innkomande trafikk er for så vidt mogleg å avvikle, men som regel ønskjer ikkje flyselskapa å ta med folk inn til flyplassen når dei ikkje kan ta med folk ut, seier Offenberg.

– Kanskje ope frå måndag

Avinor oppmodar dei som skal ut og reise om å halde seg orientert på nettsidene til flyselskapa.

– Streiken fører med seg kjempestore problem. Det reier 1200 - 1300 personar over flyplassen kvar dag. No arbeider vi for at vi kanskje kan ha ei viss opning frå måndag. Vi kjem tilbake til om dette er mogleg, seier Offenberg.

Brot i natt

Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) og NHO Service har forhandl a om ny overeinskomst for vektarane. Det blei brot i forhandlingane like før klokka 4.00 i natt. Dermed blir det streik.

NAF har varsla plassoppseiing for 4.050 vektarar. 1003 vektarar streikar frå arbeidet tek til laurdag morgon. Tysdag 15. juni kjem 1600 vektarar til å vere i streik dersom partane ikkje er blitt samde i mellomtida.

Streiken rammar i første rekkje flyplassar og helikoptertransport til Nordsjøen og olje- og gassanlegga.